Sunday, April 12, 2015

9.april 1940


Av Helge Ødegård. 

Vesterissesongen 1940 var eg fangstmann om bord i ”Buskøy” frå Vartdal. Eg var då mellom 16 og 17 år. Dagen den 9. april hugsar eg godt enno. Selfangsten i Vesterisen var ujamn dette året. Dei beste skutene med kraftige maskiner hadde til dels gode fangstar av sel og kviting. Dei gamle skutene med svake stimmaskiner hadde stort sett lite fangst. Då vi kom fram til 9. april hadde vi drive med plukkfangst nokre dagar. Plukkfangst, det ligg i ordet, stort sett å fange enkelt dyr. Det kan variere frå 30-40 til nokre hundre for dag, ja dårlegare dagar kan det bli berre nokre få dyr. Det er mest Blueback som blir fanga slik. Ein går langs iskanten og plukkar dei dyra ein får auge på.



Den 9. april starta som vanleg. Det var vaktskifte kl. seks om morgonen og straks det vart lys nok gjekk førsteskyttaren i tønna og begynte å leite etter Blueback. I slik fangst var det vanleg at skipperen låg til litt før frukost, om lag kl åtte om morgonen. Men denne dagen var skipperen tidleg vaken. Han gjekk til bestikken og slo på radioen på mellombølgja. Normalt skulle der ikkje vere noko på mellombølgja så tidleg på dagen, det var vanleg å lytte på fiskeribølgja. Det måtte vere noko i kveldsnytt 8. april skipperen hadde merka seg.

Eg stod framme ved luka å flådde ein Blueback då eg fekk sjå skipperen kome ut frå styrehuset heilt illraud i fjeset og nedover halsen. Eg lurte på kva det var han var forbanna for, han vart raud i fjeset når han vart sint. Men han skreik ut: ”Det er krig! Tyskarane har gått i land fleire plassar i Noreg”. Han ropte også opp til skyttaren; ”det er krig!”. Eg minnes Sandvik svara; ”krig, ja vel”, så eit par sekund seinare til rormannen, ”kom litt styrbord”. Dette med krig var så uverkeleg, vi fatta det liksom ikkje. Vi fortsette med fangstinga om lag som ein normal dag. Dei som ikkje var opptekne med fangst eller hadde rortørn sat mykje å høyrde på Vigra radio. Enno kan eg ikkje fatte at vi ikkje purra frivakta og fortalde kva som hadde skjedd. Men frivakta vart ikkje purra før til vanleg tid. Fem timar seinare fekk dei vite det. Frivakta tok meldinga vår som ein spøk. Fyrbøtaren vart sint, ”slikt er alt for alvorleg og spøke med” sa han. Ja, fyrbøtaren, han Lars, var litt eldre, var vel midt i 30-åra kan eg tenke meg. Så i forhold til oss 16-17 åringane var han gamal. Lars var nygift, tok krigen tungt og tenkte på dei heime. Denne dagen, den 9. april, gjekk omtrent som ingen ting skulle ha hendt. Eg kan ikkje huske om vi såg den tyske selfangaren ”Sachsen” den dagen, men vi var nok i same farvatn.

Når eg tenker på denne dagen, ja, det blir liksom så rart og uverkeleg kor seint vi vart klar over kva som hadde skjedd. Eg vil nok tru at dei som var eldre oppfatta kva som var skjedd, men den første dagen var det liksom som vi ikkje reagerte i det heile. Då vi fekk frivakt kl 12 gjekk vi til køys som vanleg dei fleste av oss. Skipperen brukte radioen som vanleg. Hadde tyskarane hatt der eit kaperskip hadde dei peila inn heile selfangstflåten på eit blunk. Når det leid ut på kvelden hadde vi samla oss litt og det var mange som forbanna Tyskland og Hitler. Men den 9. april var stort sett ein dag med vanlege vakter og fangsting. Men ein ting var uvanlig denne datoen, skipperen var nesten ikkje i tønna for heile dagen. Det var nok ikkje greitt å vere skipper når slikt hender med kjerring og ungar heime, og ansvar for mannskap og skute.


Sunday, April 5, 2015

Selfangsten ved eit vendepunkt?


Av Webjørn Landmark

Det har vore drive selfangst langs kysten vår i fleire tusen år. Dei første som slo seg ned ute i havgapet, langs ein langstrakt kyst, gjorde truleg dette nettopp for den lette tilgangen til, og store førekomsten som var her av sel. Selen var lett å fange og gav mykje næringsrik mat til eit veksande kystfolk, sjølv om det truleg var feittet som var det viktigaste også den tida. Feittet frå selen var viktigaste kjelde for oppvarming av både telta i steinalderen, og dei første hus som kom opp langs med kysten. Ei god kjelde til lys var det også. Den rike tilgangen på spekk var viktig for at kystfolket kunne bo der ute også vinterstid.

Seinare måtte selfangaren over store hav for å sikre same tilgangen. I nyare tid kom Noreg med i selfangsten med nokre turar frå 1790 av. Det var handelsmann Buck som stod bak desse første turane, men først i 1819 kom starten på det vi kan kalle ein kontinuerleg selfangst frå Noreg. Sven Foyn kom med i selfangsten frå 1846, Tromsø kom snart etter og frå 1898 var Sunnmøringane også kome med. Det var no det for alvor vart satsa på selfangsten. Sunnmøringane forstod raskt at skulle ein få lønsemd ut av fangsten måtte ein i gang med å bygge spesialskuter til selfangsten. Frå 1910 av vaks det fram ein stor flåte med selfangstskuter spesialbygde for selfangst. Det vaks fram ei ny næring som fekk stor økonomisk betyding for heile landet. I Ishavsmuseet sitt fartyregister er det registrert 472 skuter som har gått på selfangst frå Noreg. Legg ein til kva desse skutene har hatt bruk for av utstyr, reperasjonar osv. er det ikkje vanskeleg å sjå kor viktig næringa har vore.

I toppåret 1925 fanga Noreg 400.000 sel. I 1970 var talet 163.000, og ti år etter var det kome ned i 60.000 sel. I 1990 var same talet 15.000 sel, og i 2014 var det fanga knappe 12.000 sel. Sjølvsagt var det i periodar ei overbeskatting på sel, og over tid fekk næringa dårleg rykte og kom under kraftig press frå mange kantar. Dyrevernorganisasjonar verda over gjorde seg gode pengar på å gå i protest mot Norsk og Kanadisk selfangst.  Men hadde næringa fortent dette dårlege rykte? Neppe. Alle som har kjennskap til selfangst veit at sel vert avliva på ein human og god måte. I dag vert selen avliva tre gongar. Først vert det skoten, så slått med hakapiken, for til slutt og verte blodtappa straks.

Slutt på selfangsten?
Regjeringa Solberg har bomma, og gir truleg etter for press frå EU og ekstreme dyrevernarar, og avviklar norsk selfangst når dei no kuttar all støtte til denne tradisjonsrike næringa. Det blir då vanskeleg å drive vidare. Vi har ein unik selfangst-tradisjon som med eit pennestrøk er i ferd med å bli nedlagd. Det som er minst like urovekkande er at regjeringa samstundes bidreg til å fjerne det store kompetansemiljøet på drift i arktiske strøk.

I budsjettforslaget er heile støtta til Norsk selfangst borte. I 2014 var støtta på 12 millionar kroner. Selfangstnæringa har siste åra vore driva med 80% statsstøtte, og vert den fjerna er det klart konsekvensane vert store. Det er lite truverdig at det skal vere nasjonaløkonomiske grunnar til å kutte all støtte til selfangst, i eit land som fløymer over av pengar.

-Ein absurd skuffelse
Dette var orda til selentusiast og innehavar av Polargodt i Tjørvåg, Arnfinn Karlsen, då nyhenda om kutta til selfangsten vart kjend. Karlsen har bygd opp eit komplett og flott anlegg for mottak av selprodukt. I dag det einaste godkjende anlegget i Noreg for mottak av sel. Karlsen seier at det beste nok hadde vore at støtta hadde blitt redusert til 50% statsstøtte. Dette ville ha ført til meir kreativitet og utvikling av nye produkt. Selnæringa er avhengig av at kvaliteten vert auka i alle ledd. Karlsen seier vidare at det er stor marknad for selskinn, spesielt i Austen. Han er godt i gang med å produsere spanande produkt av fangsten på 4100 sel som han tok i mot frå «Havsel» i 2014.

Den største verdien ligg nok i seloljen som er eit fantastisk og ettertrakta produkt i helsekostmarknaden. Seloljen har vist oppsiktsvekkande gode resultat i fleire medisinske studiar. No har Kina også begynt å etterspør selolje, og her er marknaden enorm. Produkt av sel er ein fantastisk ressurs. Ikkje noko anna dyr kan måle seg med ein perfekt steikt og saftig selbiff! På Ishavsmuseet har vi med jamne mellomrom selkjøt på menyen. Dette kan vere både til turistbussar, under polarkveldar og høgtidssame samankomstar. Dette er selkjøt i ulike former, men mest populær er nok stuerten si gryte med
biffstrimlar av sel. «Omega 3 i brun saus», som ein tidligare selfangar sa det.

Selfangstskipper Bjørne Kvernmo på «Havsel» har nyst vore på Ishavsmuseet og helde foredrag. Han fortel at det alt i dag vert drive med små lønningar og idealisme. Vår sterke oppmoding må vere å få attende støtta til norsk selfangst. Og den må vere stor nok til at både selfangar, reiarlag og mottak kan overleve og føre dei rike tradisjonane vidare. Fødselsoverskotet av sel er enormt. Bestanden er i sterk auke, og årleg reknar ein med at det i Vestisen vert fødd om lag 80-90.000 sel. I 2014 fanga tre skuter 11.980 sel samla.

Isflaket har i første utgåve 2015 med ein artikkel frå Mariann Mathisen om «Monumenter over selfangst», ein flott artikkel om «Polsjerna» og «Aarvak», to fartøy som i dag begge er komne på museum og minner om selfangstnæringa si store tid.

Men nye generasjonar treng også selfangarar. Vi treng å vidareføre ein utdøyande kunnskap om eit stolt og viktig yrke, ved å årvisst sende ishavsskuter på fangst. Vi treng å beskatte selbestanden på rett måte, og vi treng dei fantastiske produkta som sel kan gje oss.

God fangst!

Sunday, March 8, 2015

Frå Vesterhavet sitt forlis i 1939


Av Havtor Hofset


Som eldre folk enno kan hugse, var det mykje storm og uvêr første halvår i 1939. Det fekk selfangstskutene på veg til fangstfeltet ved New Foundland merke i slutten av februar. Men også skutene til Vesterisen fekk føling med uvêret litt seinare på våren.


Dei som fekk mest omtale i avisene var newfoundlandsskutene "Polarbjørn" og "Polaris" som redda mannskapet på "Saltdalingen"  og ikkje minst Svenska Amerikalinjens "Drottningholm" som berga mannskapet på "Isfjell" i den forrykande orkanen. Ishavsskuta "Nyken" forliste også, og  alle om bord  miste livet. Skuta som liksom "Saltdalingen" høyrde heime i Gratangen,  hadde eit mannskap på 18.

Vesterisskutene hadde også ein hard tørn på oversiglinga  dette året der tre skuter forliste. Det var to frå Sunnmøre, nemleg "Vesterhavet" frå Brandal og "Vestad" frå Vartdal, og "Heimland I" frå Tromsø. Mannskapet på alle tre skutene vart berga.  Det forliste to skuter til i  stormen. Det var "Polar" og "Vikfjeld". Der gjekk alle mann med.

Om natta 19. mars fekk "Vesterhavet" ein svær brotsjø over seg, skansekledning og fleire rekkestøtter på babord side vart avslegne og dollbordet svikta.  På styrbord side var dekket delvis oppslege. På same side var båtdekket slite laust frå keisinga og hang etter fremste vinkeljarnet. Forriggen var skada. Det oppstod store lekkasjar, sjøen fossa inn i lasterom og maskinrom. Bunkerskola som var i lasteromet kom ned i lensebrønnane og tetta lensesystemet.

Fyrbøtaren Sigmund Brandal dukka ned i lensebrønnen og fekk snudd eller bøygt lenserøret slik at dei fekk lensinga i gong att. Dei kunne no halde det gåande nokre timar til. Men så kom ein ny brotsjø som fylte maskinromet og sløkte fyren på kjelen. Då var det ikkje anna å gjere enn å prøve å forlate skuta. Men det var så dårleg vêr at dei venta til det lysna av dag før dei gjekk frå borde.

Lykka var at "Vesterhavet" hadde fått ny radiosendar dette året. Det same hadde"Flemsøy" som i tillegg hadde peileapparat. Det var det ikkje mange som hadde den gongen. Derfor kunne "Flemsøy" peile inn og finne "Vesterhavet" når dei prata i radioen.

Av skutene som kom til hjelp, var det utanom "Flemsøy" også "Fangsmand" og "Rundø" som tok seks mann kvar. "Flemsøy" tok fire mann.

Av mannskapet på "Vesterhavet" var desse frå våre bygder: Skipper Nils L. Brandal, 1. skyttar Johannes Mur Brandal og fyrbøtar Sigmund Brandal, frå Brandal. Frå Hareid kom maskinist Ole Brobakk og fangstmann Reidar Nesset. Frå Stadtlandet kom fangstmennene Oskar, Bernhard og Johannes Kvernevik.  

Wednesday, February 18, 2015

Ny polarkveld på Ishavsmuseet: Selfangst før og no.


Fredag 20. februar er det klart for ny polarkveld på Ishavsmuseet, og denne gong kjem ishavsveteran Bjørne Kvernmo frå Alta til Ishavsmuseet og held føredrag om selfangst før og no.  Bjørne starta å drive ishavet i 1973, og han er ein erfaren fangstmann, skyttar, skipper og reiar, og er framleis aktiv med meir enn 40 år bak seg på ihavet. Han har vore i ishavet med skutene Norvarg, Heimen, Veslemari, Arnt Angel, Harmoni, Polarstar, Polarfangst, Polarboy og Havsel. I dag er han skipper og reiar for skuta «Havsel». Siste åra har han fanga i Vestisen, men han har erfaring frå alle fangstfelta.



Etter 41 år på selfangst kan 2015 bety slutten for ishavsskipper og selfangar Bjørne Kvernmo. Regjeringa Solberg har i år avvikla støtta til denne tradisjonsrike næringa, og då blir det vanskeleg å drive vidare. Då Kvernmo starta på ishavet i 1973 var det framleis rundt 30 selfangstskuter med 500 mann på feltet, og enno var det dei små treskutene som dominerte. Om han bestemmer seg for å gå i isen i år kan han verte åleine skute i ishavet.

I 2014 kom Bjørne og Havsel sørover og leverte fangsten sin i Tjørvåg. Bjørne fortel at han er imponert over kva Ishavsmuseet har fått til på Brandal, og at han gler seg til å kome tilbake dit med foredrag. Han vil syne både bilde og film under foredraget sitt.

I 1990 gav han ut boka «Selfangsten, en utdøende tradisjon?». Ei framifrå bok med mykje god selfangsthistorie. Avslutningsvis i boka si tek han eit oppgjer med all hetsen som selfangsten har måtte kjempe med. Etter at ein selfangstinspektør igjen laga rabalder etter 1988 sesongen, var Bjørne ein ivrig debattant i media. Han skreiv også brev til Sveriges Kong Karl Gustav og inviterte han med på selfangst, etter at kongen hadde gått ut og kritisert norsk selfangst og avlivingsmetodar på sel. Om han fikk svar? Det får vi kanskje vite på Ishavsmuseet fredag 20. februar. Bjørne er også kjend frå fleire tv-program der han har vore kjentmann, islos og skipper for fleire ekspedisjonar.På Ishavsmuseet fortel han om «Selfangst før og no».

Etter foredraget til Kvernmo inviterer Ishavsmuseet til ei skikkeleg «Torskemølje» med fersk torsk, lever, kams og rogn i museumskafeen. Påmelding for dei som vil sikre seg fersk torsk.

Bill foredrag kr. 100,- foredrag og torskemølje kr. 300,-

Sunday, January 25, 2015

På ishavet med M/S «Søndmøringen».


Reiulf Moltu fortel her om første turen sin på ishavet, og ikkje minst om førebuinga og forholda slik dei var i 1947. Han var då 19 år gamal. Det var vanskelege tider so nær etter krigen, det var mangel på nær sagt alle ting. Forholda ombord var mildt sagt spartanske, men forholdet mellom mannskapet var godt.Skuta var bygd i 1912 ved Gravdal Skipsbyggeri og var då 94 fot lang. Mot slutten av krigen vart skuta bomba av engelske fly då ho låg ved Stord Verft og sokk ved kaia der.



Etter krigen vart ho heva og slept til Kyrkjesæterøra for reparasjon. Det var to mann om bord i havaristen under slepet som vart gjort av skuta «Randi». Då dei kom på Stadt var dei to karane fri for proviant. Framfarta var ikkje så stor, syntest dei, men vêret var fint. Dermed heiv dei ut ei jolle, og ein av karane skulle ro for å nå att «Randi», der han skulle få nye forsyningar. Mannen rodde det beste han hadde lært, men han rak lenger og lenger akterut. Til slutt måtte «Randi» slakke ned slik at han nådde dei att. Han fekk sin proviant og rodde fornøgd tilbake til havaristen.

Då skuta var ferdig skrogmessig, vart ho slept til Smedvik mek. Verksted i Tjørvåg. Her monterte dei inn ein brukt, tosylindra Wickmann semidiesel på 175 hk som fekk skuta opp i 6-7 mil. Her venta mannskapet då det no nærma seg avgangsdato for Vesterisen. Utan betaling gjekk mannskapet i gong med snikring av køyer og skap i lugaren forut. Det var ikkje mahogny og teak dei brukte som innreiingsmateriale, det var mest kassefjøler. Dei monterte ein gammal kolomn midt på dørken i lugaren framme. Skuta var enkelt utrusta.

Til lensing av skuta var der montert ei stor handpumpe i maskinromet. Mannskapet gjekk lensevakter for å halde skuta lens. Roret vart styrt med rorkjetting og «flyndre». På brua var der to ratt, ein mann på kvart ratt fordi det var so tungt. I tillegg svinga ho dårleg. Mannen som hadde fremste rattet ved rorhusruta, tok mot ordre frå skipperen i tønna.

Ho svinga som sagt dårleg, ofte ropte skipperen hardt ror, men dei måtte som regel rope tilbake at roret var for lengst i borde, det var ikkje meir å få. Det kom då ofte tunge sukk tilbake. Lugaren framme var ikkje  isolert, derfor hang det issjuklar ned frå jarnboltane i dekket. Under dørken skvalpa lensevatnet, det gjorde at der var ei forferdeleg pumpelukt i lugaren. For å halde det nokolunde frostfritt og tørt, fyrte dei på kolomnen som stod på dørken i lugaren. Kola måtte dei hente frå spekktankane i lasteromet når det var godt vêr. Då opna dei luka og halte opp kola i pøsar. Var det dårleg vêr, så var det gjerne ingen kol, ingen varme og heller ingen varm mat fordi byssa også var kolfyrt.

I lugaren hadde dei all tørrmaten, og alle sine klær som ofte var både skitne og våte. Til personleg hygiene hadde dei t vaskarfat på deling, varmt vatn fanst ikkje. Einaste navigasjonsutstyret var sekstanten og kompasen.

Ei veke forseinka kom dei seg endeleg av garde. Dei kom til Kya fyr, utanfor Osen i Sør-Trøndelag, der dei gjorde sjøklart. Så la dei ut på det bårete havet, dei siglde for det meste. Dei nådde iskanten og kom snart i fangsting. Dei fekk 1600-1700 dyr og last på nokre få dagar. Luten var på ei krone pr dyr pr mann, det var mykje pengar den gongen. Ei normal årsløn på land var den tida om lag 6000-8000 kroner.

Etter Vesterisen gjekk dei til Stretet for å fiske håkjerring. Dei fiska for det meste i Nansenfjorden. «Kvitungen» med Rolf Kvien som skipper var der også. Han meinte det var hol eller ein fjord under isen til Vest-Grønland. Når det var slutt på fisket på vestsida (eskimoar), gjekk det 14 dagar så tok fisket seg på austsida. Dette tok seg opp att år etter år.

Mannskapa kom mykje frå Tjørvåg og bygdene omkring, Moldtustranda og Gjerdsvika. Reiulf fortel at dei ein gong i 50-åra talde 49 norske skuter i Vesterisen. «Søndmøringen» var ei heldig skute, dei gjorde det godt både på ishavet og på sildefiske. Somarane seilte dei for danskane på ekspedisjonsturar til Aust-Grønland. Skipper utover i 50-åra var Arnulf Sandvik, ein roleg og dyktig skipper. Reiulf var seinare mange turar i Vesterisen med «Sjannøy», «Hvalrossen», «Selungen», «Pels», «Kvitungen» og «Rundøy». «Søndmøringen» forliste i Vesterisen i 1962, og «Polaric» redda mannskapet.

Desse var med «Søndmøringen» i Vesterisen i 1947 (lista er ikkje fullstendig):Oscar Sandvik, skipperAndreas Klungsøyr , 1. skyttar (medeigar)Andreas Moltu, maskinist (medeigar)Sverre Aurvåg, assistentSverre Torseth, smørjarMartin Rafteseth, stuertNokre av fangstfolka: Hilmar Lenes, Ola Strand, Gustav Varholm, Reiulf Moltu, Hilmar Vilnes (seinare skipper på «Kvitungen»).


Sunday, January 18, 2015

M/S "BRANDAL" frå vrak til nybygg.


Av Havtor Hofseth

Skuta vart bygd ved Skålurens skipsbyggeri i Hardanger i 1911. Måla var 83,1 fot lengde og 20,6 fot breidde. Hovudmaskina var ei 50 hk dampmaskin, bygd ved Brunholmen Mek. i Ålesund.

"Brandal" er den skuta som har vore lengst heimehøyrande i Brandal. Ho var første gongen på selfangst i 1911, og den siste turen var i 1979.



Skuta vart rekvirert av tyskarane under siste verdskrigen. Under tysk kommande grunnstøytte ho ved Sandnessjøen i Nordland. Etter å ha lege på botnen i lang tid, kom skuta til Hatlø verksted som havarist. Ho var i dårleg forfatning, tilgrodd av tang og tare. Arbeidet starta våren 1944.Skuta vart slippsett, spylt og reingjort og kappa i to deler for å bli forlenga. Dette likte tyskarane dårleg. Dei meinte at skuta ikkje kunne stå på slipp så lenge. Dei hadde bruk for slipplassane til "sine" skip. Men verftsleiinga fekk hafsa dei av slik at fornyinga kunne ta til.

Det var mangel på alt slag under krigen, så arbeidet gjekk litt i rykk og napp. Dei reiv litt og bygde nytt. Dei måtte drage ut tida. For vart skuta ferdig før krigen var slutt, ville tyskarane rekvirere henne. Så det var mange omsyn å ta. Så  skikkeleg fart på arbeidet vart det ikkje før i februar 1946.

Tømmer var det vanskeleg å skaffe, men Martin Karlsen hadde visstnok sildemjøl på lager som han kunne byte mot tømmer. Dei brukte for det  meste furu, men også eik og ask som vart brukt i baug og akterstemn og som kjøl. Ishuda var av greenhard og eik. Furutømmeret kom for det meste frå Skodje. Aska fekk dei frå prestegardshagen i Borgund. Då brukte dei Gunnhild" som taubåt. Ho drog tømmerstokkane på sjøen og slepte dei til Ulsteinvik. Det er også dei som meiner at noko av tømmeret kom frå den fine askealleen som førte fram til gamle prestegarden i Dimnasund.

Men om dette tømmeret var til "Fangstmand" som fekk ny akterende omtrent på same tid, eller om  det var til "Brandal" er vi ikkje sikre på. Men tømmeret vart i alle fall felt og drege ned til sjøen med hest. Så vart det slept til verftet med slippjollen - det var ein robåt . Verftet hadde også ein arbeidsbåt med motor, som heitte "Kobben". Den vart også brukt som slepebåt når dei hadde drivstoff. Då dei ikkje hadde kraner, måtte dei ta tømmerstokkane fram på ei slipprenne og på denne måten drage stokkane i land.

Etter at tømmeret var kome på land var det å gå laus med tomanns handsag og deretter hogge stemnane til etter teikningane. I snikkarverkstaden var det kun ei lita bandsag, driven av ei reimskive frå maskinverkstaden. Elles var det skavøksa som var mykje brukt. Dei kalla det å diksle når dei hogg til hud og spant. Handemakt og taljar var brukt når dei skulle røyse dei svære spanta.

Å montere ishuda var også eit møysommeleg arbeid. Greenharden var så hard og veden så full av sand at det knapt fanst verktøy som beit på den. Greenharden var så tung at han flaut ikkje i sjøen. Der det var kurvatur i skutesida, måtte kvar einskild planke stimast for å få mjuka han opp.

Men det var ikkje berre tømmermannsarbeid på ei ishavsskute. Det var også  mykje smiarbeid for å lage  beslag, boltar og hakar av ymse slag. Og bauklavane var det spesielt mykje smiarbeid på. Då tok dei essa ned i slippen for å varme opp klavane til dei var glødande. Så var det å smi dei til etter baugprofilen.

Der var sjølvsagt også ein del rør- og maskinarbeid.

"Brandal"  var på mange måtar ei skute med mange nye og banebrytande ting. Styrehuset var til dømes bygt i aluminium, noko som var nytt den gongen. Elles var ho første skute med stålmast og tønne av aluminium med varme i botnen. Det var ei opa tønne. Det var visstnok Grepa i Ørsta som leverte varmeomnen. Desse aluminiumstønnene vart også ein eksportartikkel. Mange av kvalbåtane frå Sandefjord og Tønsberg fekk dei montert og brukte dei i Sørishavet. Det var Johannes Sundgot - kalla Bryggen - som bygde alle styrehus og tønner i aluminium ved Hatlø verksted. Der var sentralvarme i alle lugarane akterut og i rorhuset. Der var også klosett og dusjrom ombord. Skuta var også utstyrt med balanseror.

For å røyse den svære masta med tønna i toppen, måtte dei forhale skuta til Teigenebuda, der dei brukte vindene og taljar for å få den opp. Martinus Larsen spleisa wirane og staga som måtte til for å halde masta på plass.

Ferdig ombygd var skuta tidleg i mars 1947. Ho var 112,2 fot lang og 22,6 fot brei. Der var igjen kun eit eller to spant av den gamle skuta. Elles var alt nytt. Hovudmotoren, ein 375 hk Crossley, vart innmontert, den tok dei frå ein gamal engelsk minesveipar. Det var faktisk vanleg i denne tida å kjøpe inn utrangerte, engelske minesveiparar berre for å bruke hovudmotoren. For å få hovudmotoren ombord måtte skuta slepast til Flatholmen ved Ålesund. Der hadde Tafjord kraft ei svær kran som dei brukte til transformatortransport. Dei fleste verfta på Møre nytta seg av denne krana til tyngre løft. Slik var det også med "Brandal". Motoren vart sett ned i lasteromete og så vart den sliska att til maskinromet gjennom ei luke i skroget.

 Farta var 9,5 knop lasta.

Arbeidstida var den gongen frå 0730 til 1700 med ein time middagstid. Det var mange som gjekk ut til verftet med middagsmat til sine. Laurdagane var arbeistida frå 0730 til 1300 med ei kort pause i mellomtida. Ferien var ei veke i året. Timeløna for ein fagmann var kr. 1,00 . I dag er ho om lag kr. 130,00. Under krigen var det om lag 50 tilsette ved Hatlø verksted. Hallvard Barstad var med å bygge om skuta, og han var også med på første turen i Vesterisen etterpå. På verftet tente han kr. 0,42 pr time.

I 1947 var første turen i Vesterisen etter forlenginga.  Det vart ein kjempetur  og då  var "Brandal" siste skute som kom fram til isen og den første som kom heim. Frå bygdene våre var  mellom andre desse med:

Skipper: Martinus Brandal frå Hareid.
1.skyttar: Sverre Moldskred frå Brandal
2.skyttar : Bernt Runne Brandal frå Brandal
Maskinist: Jon Røren frå Ulsteinvik
Assistent: Lidvard Røren frå Ulsteinvik
Smørjar: Steinar Hovlid frå Hareid
Stuert: Elias Urke frå Ulsteinvik
Fangstmenn: Hallvard Barstad frå Ulsteinvik
                     Odd Hatlemark frå Ulsteinvik
                     Asbjørn Saunes frå Ulsteinvik
                     Hallvor Bigseth frå Hareid
                     Magnulf Bigseth frå Hareid
                     Ottar Brandal frå Hareid.

Siste turen i isen for "Brandal var i 1979.  Skipper var Bjarne Liavåg frå Brandal. Då kom ho heim med assistanse og store lekkasjar i akterskipet. Ho vart kondemnert same året og søkt i  Gangstøvika. Masta med tønne vart redda i land og står i dag ved skulen i Brandal.