Thursday, October 11, 2012

Opning av utstillinga Ragnar Thorseth –LEVD LIV.


Mange veit at Roald Amundsen flaug over Nordpolen i lag med Umberto Nobile i 1926. Men det er nok færre som hugsar kva den første nordmannen heiter som tok seg fram til Nordpolen på havisen og sette føtene på sjølve polpunktet. Det var Ragnar Thorseth som gjorde det. 

Men det er truleg ikkje allment kjent. Det ville Ishavsmuseet gjere noko med. I fjor vinter vende derfor Webjørn Landmark ved Ishavsmuseet seg til Ragnar Thorseth med spørsmål om å lage utstilling på materiell etter turen til Nordpolen sidan det i 2012 også var 30 år sidan dei nådde fram. 
I sommar bestemte Ragnar Thorseth seg for å gi utstyret frå alle ekspedisjonane sine til Ishavsmuseet.

-Han har gjort så mykje meir enn turen til Nordpolen, seier dagleg leiar ved Ishavsmuseet Webjørn Landmark.  Det meste av utstyret har til no lege i ein garasje heime hjå Thorseth. No er ting og foto samla i eit eige rom i Ishavsmuseet.  Dermed vert det lettare for alle interesserte å få innsyn i alt det Thorseth har vore med på. Og Ishavsmuseet er ein attraksjon rikare. 


Utstillinga Ragnar Thorseth –levd liv, opna 12. oktober med innbodne gjestar til stades. Sesongen ved Ishavsmuseet er over for i år, men Webjørn Landmark opplyser at museet vert ekstra ope alle dagar frå den 13. til og med den 21. oktober.Dei siste dagane har det vore hektisk aktivitet på Ishavsmuseet for å få den omfattande samlinga klar til opninga.

-Eg må presisere at eg vart spurd. Og det synest eg er ei ære. Ja, det er nesten som å få St. Olavs medalje, seier hovudpersonen sjølv.

Thorseth legg til at han trur det er ein god tanke å samle gjenstandane frå ekspedisjonane sine på ein stad. Slik at nye generasjonar kan få eit innblikk i kva han har vore med på.
Og det er sjølvsagt leiinga ved museet samde i.

Til sesongstart 1. mai neste år skal resten av utstyret frå ekspedisjonane til Thorseth vere på plass i museet. Blant effektane blir saker frå den første roturen til Shetland i 1969, turar med Saga Siglar, gjennom Nordvestpassasjen, Nordpolekspedisjonen, overvintringar og mykje anna.

Men først skal første del synast fram den komande veka. Museumsleiinga håpar på godt besøk desse dagane og lokkar også med servering av middag søndagane.Utstillinga har vorte fantastisk flott, avsluttar dagleg leiar Webjørn Landmark