Thursday, March 29, 2012

Skipper Olaf Toresen Nedrelid og medisinkista til ”Hird”.

Av Webjørn Landmark
Olaf Nedrelid, fødd i 1870, vaks opp på Nedrelid i Hjørungavåg. Der hadde han to samnamningar og Olaf tok dermed mellomnamnet Torsen. Etter som han vart ein kjent skipper vart nemninga på Olaf berre for ”han Torsen”. Han vaks opp i ei brytningstid i det yrket han hadde valt. Til den tid var det sunnmørsåttringen som var den vanlege fiskebåten, og seglskutene var den store draumen. Utviklinga for fiskebåtane var svær desse åra. Han Torsen byrja som fiskar på Nedrelid-åttringen, men han var ein av desse unge som fylgde interessert med på utviklinga med fiskebåtar. Han var overtydd om at åttringen ikkje hadde framtida for seg. Ute på bankane såg han etter kvart fleire av desse større, dekka fiskefartøya, og skøyter med ei anna seglføring. Den smidige åttringen med råsegl var framleis lett å ro i vindstille, men det var eit slitsamt liv i storm og stille. Han ville vere aktivt med i det nye som var kome, og han meldte seg på navigasjonsskule og fekk sertifikat for ”føring av skip med uavgrensa storleik”. I 1895 kjøpte han seg sin første båt som fekk namnet ”Elida”. Skal tru kva slags kjensler han hadde då han stolt svinga inn på Hjørungavågen som skipper på ny, eiga skute berre 25 år gamal.

Turane gikk til fiskefelta i Nordsjøen etter sild og makrell, og til Island etter sild og torsk. 1905 var på mange måtar eit dramatisk år. Så også for dei som låg på fiske ved Island. Mykje kuling og storm seinka heimturen, men dei kunne ikkje ligge der for lenge, dei sette kursen heim i sterk vind og stor sjø. Sjølve storstormen kom om ettermiddagen 14. september. Nord-Atlanteren såg ut som eit skummande landskap med rullande fjellryggar, som store knyttnevar som slo inn over båtane. Men ”Elida” var ei god skute med ein dyktig skipper. Desse seglskutene hadde ikkje noko rorhus å krype inn i når det rasa som verst, så når havet velta seg inn over skuta som verst batt han Torsen seg fast i roret og kjempa mot havet i tre døgn. Tre andre skuter var i same farvatn på veg heim til Hareid. Det var ”Heim”, ”Vonheim” og ”Heimdal”. Den siste klarte ikkje å ri av stormen, men vart igjen der ute i det frodande havet.
Denne storstormen hadde gitt han Torsen tankar om større båt. Mot slutten av 1905 selde han difor ”Elida” og reiste til England på jakt etter ny og større båt. Med seg på denne turen hadde han Ludvik Rise. Han hadde vore mange år i Amerika og kunne prate flytande engelsk, og hadde sett og høyrt meir enn dei fleste i bygda. Dei kom over ei skute der borte, ei treskute med dampmaskin som bar namnet ”Advance”. Den låg ferdig utrusta for tur, men etter ein del forhandlingar fekk dei take over skuta.
Ved heimkomsten vart skuta omdøypt til D/S ”Dag” og vart isforsterka med tanke på fangst i isen. Med denne skuta gjorde han Torsen mange gode turar på ishavet og på fiskefelta.

Pål Lillenes eigde i 1915 ein tremastra skonnert som han nytta til kvalfangst. Han Torsen ville no ha ei større skute og reiste ut til Pål i Tjørvågane for å gjere ein handel. Han hadde også planar for å bygge om skuta. Dette skulle gjerast på Stord, i Sagvåg. Skipperen på slepebåten som skulle take dei dit kom ut av kurs på Stadhavet i skodde og dårleg sikt. Han Torsen forstod at dette bar gale avstad og purra dottera Borghild og Svigerinna Augusta som var med på turen. Desse sette han no til rors, sette sjølv lettbåten på havet og rodde fram til slepebåten for å gi beskjed. Dei kom seg fram velberga denne gongen også.
Den nye båten til Torsen fikk namnet ”Bos” og vart nytta til fraktefarty og oppkjøparfarty for fisk.
I 1918 var det igjen tid for han Torsen og skaffe seg ny båt. Han reiste til Gunvald Ottesen på Stord og fekk bygt D/S ”Sæl” – M 35 HD. Maskinen var ei Brunholmen maskin på 135 ind.hk.
Denne skuta fekk ei dramatisk historie, og i 1923 må han Torsen selje partar i skuta då konkursen er nær. Elias Nørve, Elling Aarseth og Peder E. Aarseth kjem inn som partsreiarar, og skuta vert registrert med M 9 VD.

I september 1940 går skuta seg på ei mine. Frå sjøforklaringa kan vi lese;
Vi hadde ein tur til Namsos etter trelast til Ålesund. Skuta var maksimalt lasta på dekk og i gangane så berre babord utgang kunne nyttast. Om kvelden den 5. september kl. 20.15 var vi i trondheimsleia mellom Hemnskjel og Terningen fyr då det kom eit voldsamt brak. Eg svima vist av eit ble, men kom meg snart opp på dekk. Ør av eksplosjonen og sjokket var det langt frå lett og orientere seg, skuta stod no nesten rett ned med akterenden. Det var et under at ingen var skada eller hadde falle over bord. Formasta var splintra og blåst bakover båtdekk der livbåtane var snudde opp ned. Vinsjen var sameleis heilt borte. Alt såg temmeleg vonlaust ut i kveldsmørkret men trelasten heldt skuta flytande. Vi fann det tryggast og stå der på havaristen til evt. hjelp kom. Vi var berre fem mann på denne turen; Skipper Hans Rasmussen, stuert Olav Apelseth, Arnljot og Torsten Nedrelid, sistnemnde var son til han Torsen. Vi såg at der var eit fartøy i nærleiken og vona at hjelpa var nær. Vi viste ikkje at inne på Josteinøya hadde to ungdomar sett minesprenginga og sett ut færingen for å kome oss til hjelp. Vi var bra snare og entre færingen til desse to karane som hadde sprengrodd mot oss. Fartøyet vi hadde sett i nærleiken, og som vi venta hjelp av, var M/S ”O.C.” frå Oslo. Dei hadde observert kva som hadde skjedd og sette ut livbåt som kom roande mot oss. Ei røyst sa meg at vi skulle følgje færingen til land. Skipperen var litt usikker, men då eg var så bestemt gav han samtykke til det. Livbåten til M/S ”O.C.” vende tilbake og ein halvtime seinare såg vi stikkflammen frå mina som råka dei. Av mannskapet på sju vart berre to redda.
Det vart eg som måtte ringe han Torsen og fortelje kva som hadde hendt, men han var berre glad for at folket var berga, forutan sonen Torstein var granneguten Arnljot.

Eit par år etter vart ”Sæl” heva, reparert og ombygd. Statens krigsforsikring var då med og nye interesser kom med. Det var partsreiarlaget Veidemann, Vartdal der Per Kvien var primus motor. Han var også skipper på den ombygde båten som no fekk namnet ”Veidemann”. Skuta enda sine dagar i Vesterisen 27. mars 1951.

Han Torsen var ein mann med mange jarn i elden. På ein sørlandstur i 1916 kom han over eit engelsk lystfartøy, M/S ”Stella Maris”. Dette ei stasleg skute med blankpussa messing og polert mahogni. Dette kunne ikkje han Torsen motstå, så han kjøpte denne skuta som var til sals. Skuta strauk for fulle segl nordetter kysten, og svinga inn ”vågen” for fulle segl. Folket i Hjørungavåg tenkte at dette var ein av dei engelske lordane som tidvis kom rekande for tidtrøyte. Men då skuta vel var ankra opp kom han Torsen til syne i trelappstøvlar og vanleg kvardagshabitt. Men ”lorden i Torsengarden” let ikkje skuta berre ligge der. Ein søndag det var ungdomsstemne i Sykkylven baud han med alle som ville til å vere med ”Stella Maris” på stemne.
I 1916 var han Torsen med å skipa Hjørungavåg Kullkompani AS. Dei fekk hit ein gjeng med svenskar som skulle bygge ut anlegget. Desse budde om bord i ”Stella Maris” under byggetida. Han Torsen var også hamnelos, og tok seinare desse kolbåtane inn til lageret. Han Torsen fekk det travelt på kollageret. Han måtte ha folk der heile døgnet til å skipe ut kol. Særleg hektisk var det i sildefiska. No fekk han lite tid til å bruke ”Stella Maris”, og han selde den difor til Ørsta Tønnefabrikk. Ei tid seinare vart den pårend i Vartdalsfjorden og sokk. To mann kom vekk.

Men alle desse båtane som hadde kome til no trengde også vedlikehald. Såleis var han Torsen med å skipa Hjørungavåg Verkstad AS i 1917.
Etter første verdskrig kom fiske og fangst næringa i vanskar, det vart nedgangstider. Han Torsen gjekk difor inn i handelsflåten og seila nokre år i Norsjø og Austersjø-fart. På slutten av første verdskrig var han med i eit partsreiarlag som kjøpte T/S ”Trålfisk” i England. Denne vart etter kort tid seld vidare til Haugesund, under namnet D/S ”Lyn”.
Under første verdskrig fekk han også tid til å stå for ein fangstekspedisjon til Svalbard, i første rekkje for å fange kvitrev.
Då han hadde runda dei seksti, var framleis hugen etter sjølivet der, så i lag med et par andre karar var han med på å kjøpe ishavsskuta M/S ”Helgehorn”. No slo han seg til ro på land. Han hadde framleis det dagelege ansvaret på kollageret, og han hadde bygt seg to sjøhus i Hjørungavåg. I bygda var han Torsen kjend for å vere ein klok og framsynt mann med vilje og handlekraft. I 1942 vert han sjuk og døydde etter eit kort tids sjukeleie 72 år gamal.

”Hird”
”Hird” var ein liten fiskebåt frå Mauseidvåg på 49 fot. Den hadde ein 40 hk. Bolinder motor. Det var seks karar som hadde gått saman om å kjøpe denne båten, og formålet var overvintring på Aust-Grønland. Dei seks karane var; August Hansen, Peder Sulebakk, Herman Andresen, Jørgen Furnes, Peder Røbekk og Jonas Karlsbakk. Dei hadde til saman gått inn med ein kapital på kr. 35.000,- til føremålet og satsa alt dei eigde på dette. ”Hird” var ein liten båt, og var nok ikkje i alt for god stand.
13. juli 1927 legg båten til kai i Ålesund for å få om bord det siste nødvendige utstyr før ekspedisjonen kunne gå ut. Dei var søkklasta med utstyr, dekket låg helt i vatn, og dei hadde med materialar til å bygge to fangsthytter.
Medan dei låg i Ålesund kom skipskontrollen og politi på kaia. Dei hadde fatta interesse for denne skrale båten som låg der søkklasta. Skipskontrollen kravde til slutt at skuta måtte lossast og settast på slipp for nærare kontroll. Dette likte ikkje karane, skuta var skral, og dei rekna ikkje med at den ville stå for ein kontroll. Skipskontrollen tok så med seg medisinkista på land for å hindre at karane på ”Hird” skulle stikke til havs. Det vart også sett sivil politivakt på kaia. Men karane på ”Hird” kunne ikkje gi seg no! Dei hadde satsa alt dei eigde på denne ekspedisjonen, eventyrlysta var også stor og dei hadde heller ikkje midlar til ei slippsetting. Ikkje hadde dei tid heller, sommaren er kort på Aust-Grønland og dei måtte kome seg gjennom isen før det var for seint. Karane diskuterte saka og vart samde om at dei ville gå uansett, løyve eller ikkje.
I løynd går mannskapet ein etter ein rundt på apoteka i Ålesund og får kjøpe det mest nødvendige til ei ny medisinkiste. I ly av det vesle nattemørke som er passar dei på når politivakta tek ein runde på kaiene, dei kastar laust og går for full maskin ut av hamna i Ålesund ved midnattstider.

Jonas Karlsbakk førte dagbok frå turen og på første side kan vi lese;
Med M/S ”Hird” av Måseidvåg går vi i dag den 13de juli kl. 12 natt fra Ålesund til Grønland for vintring. ”…” torsdag 14de 1927. Loggen settes og kl. er 6fm. Vi er nu i vårt element og humøret står bra trods den lange turs foreståen og jeg hører der lyder sang fra lugaren.
”Farvel O moder Noreg nu reiser jeg fra dig, hav tak fordi du kaver og har opfostret mig. Du blev for knap med kosten imot din fiskerflok, du finner oss på Grønland, der får vi mer enn nok”.

I siste linje i dette verset kan vi kanskje også finne ein av grunnane til at dei var så ivrige etter å kome seg til havs?
Det gjekk bra med dei over havet og den 25. juli kjem dei under land ved Kap Mary. Vesle ”Hird” var ikkje noko ishavsskute så det var nok av spaning då dei skulle forsere isbelte inn til land. Det var 17 år sidan ein sunnmørsekspedisjon hadde overvintra i området her. Då var det Webjørn Landmark d.e. med ”7de Juni” ekspedisjonen. Dei finn fort denne fangststasjonen frå 1909-10 der skuta hadde ligge i vinteropplag ved Germania Havn. ”Hird” måtte også finne seg ei vinterhamn før isen la seg. Meininga deira var at dei skulle gå til Sabineøya for å finne vinterhamn til ”Hird”. På Sabine finn dei eit dansk hus som dei bestemmer seg for å bruke inntil vidare. Men den 28. juli får dei tilfeldig besøk på ”Fangstmand” som er på kvalrossfangst i området, og der om bord var det tilfeldigvis Webjørn Landmark som overvintra der for 17 år sidan, som var skipper denne turen. Som 1. skyttar var Sverre Nybø Bigset med. Landmark frå rår dei til å ta i bruk danskehytta då dei kan risikere trøbbel frå danskane.
”Hird” karane følgjer rådet og bestemmer seg for å gå til Kapp Herschell og setje opp hus der på syd kysten av Wollaston Forland. i staden. Seinare reiser dei tilbake til Claveringsøya og set opp hus der også. Dei fordelar seg med tre mann på kvar stasjon.
Etter å ha ført i land alt utstyret frå ”Hird” legg dei båten i hamn på nordvestsida av Finchøya. Dei fortøyer godt med to anker og fleire vaierar, tek ned all laus rigg og gjer skuta klar til vinteropplag. 16. august kjem dei første kuldegradene og dei ventar på at skuta skal fryse inne.
Men så, i slutten av august, kjem eit forrykande uver med sterk storm som heldt på å skylje fangststasjonen på Claveringsøya på sjøen. Då stormen hadde løya og dei skulle inspisere ”Hird” var det eit trist syn som møtte dei. Skuta hadde slite seg i uveret, og drive på land og havarert. Heile skutesida var slegen inn og det var uråd og reparere. Skuta sokk seinare her.

Karane frå ”Hird” ekspedisjonen gjorde ein god fangst. Sjølv om dei miste skuta, som ikkje var forsikra, hadde dei eit bra overskot etter turen. Dei hadde 348 dyr, forutan levande ungar av bjørn og moskus. Hadde dei hatt mange rare opplevingar desse to åra, så vart det ikkje betre no når dei skulle ha desse levende moskuskalvane om bord i ”Veslekari”. Ein av karane hadde ein hard tørn når han tok band på ein moskuskalv og ville leie den ned til skuta. Eit stykke var det kalven som drog mannen, og eit stykke måtte mannen drage kalven. Komne ned til strandkanten kom brått fem polarulv settandes mot dei, og i forskrekkelsen slepte mannen bandet i kalven. Men denne kalven føretrakk nok mannen fram for ulven, så moskuskalven søkte beskyttelse mellom beina på mannen. Mannen hadde ikkje våpen på seg, så det såg dramatisk ut ei stund. Men så gav han seg til å kaste stein etter ulveflokken og klarte å skremme dei vekk.
Bruttoresultatet etter dei to åra var på kr. 60.000,- Skuta som gjekk tapt, og ikkje var forsikra, hadde kosta dei 20.000,- Resten av utrustninga hadde kosta dei om lag 15.000,- Nettoen etter dei to åra var såleis kring 25.000,- Dette eit brukandes resultat når vi veit at ei årsinntekt til ein fiskar låg på mellom 1200 – 1600,- kr. Dei kom heim med ”Veslekari” i 1929, bortsett få August Hansen som fann seg skyss heim med ein annan farkost i 1928.

Framleis kan ein sjå vrakrestane av ”Hird” der den sokk i 1927. I 1990 fann ”Havella” ekspedisjonen restane på 3-4 meters djupne, seinare i 2003 var Svein Torske med ”Polar Star” til same området og fotograferte vraket. Jonas Karlsbakk var bestefar til Torske.

Medisinkista til "Hird".


Men så var det skipper Olaf Toresen Nedrelid og medisinkista til ”Hird”. Denne medisinkista som skipskontrollen hadde teke beslag i så ikkje ”Hird” skulle kunne stikke til havs. Ein skulle tru at etter alle desse åra så var den tapt for alltid.
Men så, i januar 2005 får Ishavsmuseet ein førespurnad frå Henry Skeide på Hjørungavåg med spørsmål om museet kunne vere interesserte i ei medisinkiste han hadde hand om. Sidan medisinkista var intakt med alt utstyr var dette av interesse for oss.
Når vi så igjen har kontakt med Skeide for å avtale å få denne kista, kan han fortelje at det på loket i kista står skrive ”Hird”!! Kan det verkeleg vere sant? Kan dette verkeleg vere denne medisin kista frå ”Hird” som vi har høyrt så mykje om og som skipskontrollen tok på land i 1927? I så fall ville det vere ein unik gjenstand vi hadde fått hand om. Jau, det stemmer. På loket i kista står det verkeleg ”Hird”. Forklaringa må vere at skipper Torsen har kome over denne kista med skipskontrollen i Ålesund, og fått overtatt den til ein av båtane han disponerte.
Stor takk til Henry Skeide for denne unike gåva til museet. Til sommaren vil ein finne denne kista, og historia rundt den, i utstillingane på Ishavsmuseet.

Kjelder for den som vil lese meir:
Ishavsmuseets arkiv
Hareid Historielag årsskrift 1980
Ishavsliv, Frode Rogne 1981
Nordøst-Grønland 1908-60, Peter Schmidt Mikkelsen
Dagboksnotata frå Henrik Landmark, ”Havella” ekspedisjonen 1990

Tuesday, March 27, 2012

Alex Rosen med Ishavsshow – i sitt rette element

Onsdag 29. august kl 19.00 på Ishavsmuseet Aarvak i Brandal

Ishavsskuta Aarvak er i år 100 år, og det vert markert gjennom heile 2012. Den store jubileumshelga vert samtidig med årets Brandalsdagar, og startar onsdag 29. august med besøk av Alex Rosen.

Sommaren 2011 var Alex Rosen innom Ishavsmuseet Aarvak i privat regi. Den store samlinga til Ishavsmuseet imponerte Alex, men samtidig imponerte også Alex sjølv med sin kunnskap. Det gikk ikkje lange stunda før han “hoppa inn” i rolla som “guide” på museet.

Det er kanskje ikkje så mange som veit at Alex Rosen har studert historie, men dei fleste kjenner Alex som ein oppdagelelsesreisande, også med båt – og nettopp med den bakgrunnen vert Ishavsmuseet Aarvak og skuta Aarvak ei perfekt ramme for eit Ishavsshow med Alex Rosen i farta.

Denne totalt ukontrollerte, ville og galne mannen med stor humor treng nok ingen lengre introduksjon. Det er nok også stor sjanse for at Alex vil framføre nokre sjølvvalgte slagarar i kjent stil, men først og fremst er det Alex med sin smittande latter som står foran mikrofonen denne kvelden, med sine humoristiske innslag – og med ein liten ishavsvri no og då!


Billettar i sal frå onsdag 28. mars kl 09.00.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på www.sjoborg.no, i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement). Frå 1. mai kan du også kjøpe billettar ved Ishavsmuseet Aarvak.

Billettpris
Vaksne kr 250,-
VIP-billettar (sitteplass på dekk) kr 500,-
Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget ved Ulstein rådhus og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Monday, March 26, 2012

Vellykka Avgseglarfest

Fredag 23. mars var det duka for Avseglarfest ved Ishavsmuseet Aarvak.
Ishavsmuseet mars 2012 Avseilarkveld 043
Vel 150 personar fylte konferansesalen på Ishavsmuseet og fekk med seg ein flott avseglarkveld, der Atle Hopland kåserte om ishavspresten Monrad Norderval, Harald Knutsen suplerte med gode historier og Knut Selvåg satte stemninga med fin trekkspelmusikk.
Ishavsmuseet mars 2012 Avseilarkveld 050
Etter det interessante programmet i konferanserommet, var det fleire som nytta seg av moglegheita til å få servert middag ved museet. Det var fullsett på oppdekkinga, medan det i andre etasje vart servert kaffi og kaker.
Ishavsmuseet mars 2012 Avseilarkveld 060
Til middagsgjestane underhaldt Harald Knutsen med gode historier, og Knut Selvåg stod for fin trekkspelmusikk.
Ishavsmuseet mars 2012 Avseilarkveld 064
Knutsen inviterte også fleire til å ta ordet, og ein av dei som nytta seg av det var  Svein Gjelseth, stortingsrepresentant for Møre og Romsdal Arbeiderparti. Han roste museet for det gode arbeidet som er lagt ned, og var heilt klar på at han meinte Ishavsmuseet har gjort det rette med å melde seg ut av konsolderinga. - Eit slikt museum treng ikkje ei lokal konsoldering, men ei nasjonal og gjerne internasjonal satsing, meinte Gjelseth.
IMG_5541
Ishavsmuseet mars 2012 Avseilarkveld 075
To fornøgde på kjøkkenet.
IMG_5552

Thursday, March 22, 2012

  «Vestis» forliser

Eit 60 års minne ved Helge Ødegård

Tida går fort, nå er det 60 år sidan "Vestis" forliste i Vesterisen. Datoen for forliset var søndag 23. mars, året 1952. På den tida var eg maskinist på "Sjannøy". "Vestis" og "Sjannøy" var på ein måte "kameratskuter". Det var gjerne slik den tida at eit par skuter heldt lag. Eit slikt lag var ofte praktisk, skipperane kunne samrå om saker og  ting. Det var dette med å finne fangst, Vesterisen var stor og fangsten kunne ligge både i sør og nord. Men dei eldre skipperane hadde sine teikn, dei såg på isforhold, og bygde på erfaring. Når ein fekk snakke med ein kollega så vart uklare forhold omsnakka og ofte oppklart. Dette med "kameratskuter" gav også tryggheit. Skulle det hende noko var der ei skute ikkje lang unna. Dette med kameratskuter har vel berga menneskeliv vil eg tru.

Ishavsskuta Vestis

Tilbake til 1952, alle skutene var på leiting etter fangst. Dei fleste Sunnmørsskutene  var samla i ein flokk. Vi høyrde "Veslekari" hadde funne klappmus litt lenger vest. Men det var før lovleg fangstdato. I Vesterisen var der lovleg og fangste etter ein bestemt dato. Eg trur den datoen var 23. mars. Vi var mange skuter som var på leiting. Så tidleg på året blir der mørkt om natta i Vesterisen. Om natta var det vanleg og legge stilt. Det hjelper lite å leite etter fangst i nattemørkret.
                     
Ja, skutene la stilt og kl. 24 var det vaktskifte. Dei fleste skipperane hadde stått i "tønna" heile dagen og skulle stå der også neste dag, så dei kraup tidleg til køys. Men "Store-Kvien" på "Kvitungen" hadde trøbbel med radioen, så han var vaken. Kvien merka at isen forandra seg, begynte å sette saman. Så Kvitungen gjekk lenger ut. Då Kvien fekk radioen i orden begynte han å kalle på skutene og fortelje om den nye situasjonen. Skutene begynte å gå til ein sikrare plass. Men det hadde nok teke litt tid før Kvien hadde fått i stand radioen, Då han kom med sin advarsel var isen tung og teit. Personleg søv eg godt, men den natta vakna eg av tung bauing. Såg på kl. og undra meg over 2. skytteren som brukte skuta så hard om natta. Men sovna til igjen og sov til eg vart purra kl. 05.30. Vi låg ennå stilt, det var for mørkt til å leite etter fangst. Då vi kom i messa fekk vi vite grunn for den harde bauinga. Det var nok litt meir dramatisk enn eg var klar over.  Skipperen (Jon Hamar)  vart purra og for opp i riggen litt lettkledd. Så det var han som brukte skuta hardt den natta. Hamar fortalde seinare,"eg fekk ein isfot,så eg måtte ta ein sjanse. Det hadde knapt gått med ei anna skute, men ho ("Sjannøy") "vere" propellen så godt.

Då vi låg der kalla "Vestis" på oss og bad oss ta det med ro ei stund, dei  hadde blitt fast der inne. "Vestis" fekk is på roret og sleit rorleidninga. Det tok litt tid og få denne reparert, og i mellomtid vart skuta fast. Skipperen på "Vestis" trudde det skulle gå å få skuta laus og ut av knipa. Ja, vi tok det med ro og venta på "Vestis". Då vi hadde frukost kom 1. skyttaren med gladmelding, no kjem ho, sa han. Det tok litt tid for skuta kom, men det var ikkje "Vestis", det var "Grande". Den skuta var også litt hardt ute, ho hadde fått ein del skade, men dei kom seg ut. 
 "Vestis låg forsatt fast. Isforholda vart verre og skipperen på "Sjannøy" tok til å bli litt uroleg." Eg trur dei snart må forlate skuta skal vi berge mannskapet", sa han. Det var ikkje lett for Hamar å forslå dette for skipperen på "Vestis", men han sa korleis det var der vi låg. Isen la fort på, og der var sver isbakse utanfor. Avstanden til "Vestis" berre auka. Skipperen på "Vestis" måtte berre gi opp vona om å få skuta ut. Den hadde fått mykje skade. Maskinisten fortalde at då han skulle i lugaren og hente diverse utstyr, var skutesida komen så langt inn at det var snaut han fekk opp lugar-døra. I maskinromet var bunkerstankane komne nesten inn til motoren.
Klokkeslett kva tid dei forlet skuta huskar eg ikkje, det måtte vere rundt middagstider. Dei hadde langt å gå før dei nådde iskanten. På "Sjannøy" låra vi ein fangstbåt. Den låg ved iskanten og "plukka" opp mannskapet frå "Vestis" etter kvart dei nådde så langt. Det tok litt tid for alle kom seg fram. Der var dei som var unge og spreke, dei kom først. Der var også litt forskjell på kor mykje personleg utstyr dei drog på,nokre hadde lite, andre meir. Litt låg vel igjen når folk vart slitne. Så vidt eg huskar var Lervik (Skipperen) ein av dei siste vi fekk ombord.   For Lervik var dette eit hardt slag. Han i lag med maskinisten åtte  skuta, så her var det personleg økonomisk tap. "Vestis" var ei fin skuta. Dei hadde hatt mange gode turar og kosta på skuta ettersom dei makta. Dei hadde skifta motor og gjort andre forbedringar på skuta. Då Lervik sette seg på luka,heilt utsliten etter marsjen, såg vi tårer i augo  hans. Eg forstår godt korleis han hadde det i den stunda. Skuta han var glad i, og den litt uvisse framtida.
           
Ja, no  var vi to mannskap ombord i "Sjannøy". Dette med dobbelt mannskap er litt problem. Men på selfangstskutene er der "kutyme" for slikt. Det forliste mannskapet tok i bruk køyene til dei som hadde frivakt. Fangstmennene tok frivakta sine køyer forut og dei andre akterut. Vi skøya med dette, no slapp vi å legge oss i kalde køyer. Stuerten fekk litt hjelp i byssa, det vart litt mykje arbeid og koke til dobbelt mannskap. Men alt dette gjekk svært greitt.
              
Då vi låg å venta på folka frå "Vestis", var Hamar ofte i riggen, isen la fort på kanten. Der var også mykje is utanfor den råka vi låg i. Det var stor tung is og dønning. Mesteparten av mannskapet på  Sjannøy" stod på halvdekk og følgde med dei som kom over isen. Eg var der ilag med dei andre. Hamar kom og stod der ei stund. Han gjorde eit lite teikn, ville snakke med meg.
                             
 Vi gjekk over til andre sida av "kaisinga". Hamar sa: " Isen set fort i hop, eg skal få skuta ut, men det er ikkje sikker ho blir  heil". Når eg slår full fart vil eg ha alt motoren tåler". Då forstod eg litt av alvoret.
        
Straks vi hadde fått alle om bord slo Hamar full fart. Men han slapp å bruke skuta hardt. Hamar hadde funne seg ei smal råk, so vi kom uskadde klar isen. Då vi var på veg ut kalla "Furenak" på oss, dei hadde naturlegvis følgt med på radioen og var glad alt gjekk godt. Aksnes, skipperen på "Furenak", fortalde at der dei låg var det godt "avhold" og trygt å ligge. Vi tok peiling på "Furenak" og stemde ditt. Då vi kom fram fekk vi sjå nokre få skuter i fangst. Dei hadde funne eit lite selkast. Aksnes meinte vel vi skulle ha litt premie for berginga av mannskapet på "Vestis". Det var derfor han kalla på oss. Når det er gått 60 år skal ein vere forsiktig, men eg trur vi fangsta nesten 300 kvitungar i dette kastet.
         
 Mannskapet på "Vestis" vart ombord hjå oss nokre dagar. Men på ein måte hadde dei flaks. "Veslekari" hadde fått skader så dei måtte avbryte fangsten å gå heim. Vi leverte det forliste mannskapet til "Veslekari" og den gjekk til Ålesund. Vil tru der vart same fordeling av køyplass på "Veslekari" som det vi hadde på "Sjannøy". 

Ein ting vil eg fortelle. Der var heilt stilt på fiskeribølga. Heile fangstfloten var spent på korleis det gjekk med folka på Vestis. Ville Sjannøy klare å berge alle?  

1952 var det store katastrofeåret i Vesterisen. Mannskapet på "Vestis" var heldig, dei kom frå det med livet i behald. Seinare forliste der 5 skuter det året, mannskapet på dei skutene fekk alle ei våt grav. Men det er ei anna historie.

Wednesday, March 14, 2012

Ishavskjerringa

I kveld, 14. mars, på sjølvaste avseglardagen for Vesteris-skutene, var det klart for premiere på dokumentarfilmen om ishavskjerringa hjå Ishavsmuseet Aarvak. Med nærmare 400 besøkande frå nært og fjernt måtte dokumentarfilmen bli vist heile tre gongar, noko som regissørane Hilde Ranheim og Marit Stensby ved Høgskulen i Volda synest var utruleg kjekt.
- Vi hadde aldri trudd at så mange kom til å ta turen for å sjå filmen, fortel dei to overvelda regissørane.

Regissørane Hilde Ranheim og Marit Stensby
Eit spent publikum før den første framsyninga

Webjørn, regissørane og Willy er godt nøgde med kvelden

Ishavskjerringa handlar om Marit Lillenes Voldnes (83) frå Tjørvåg, Svanhild Warholm (91) frå Moltustranda og Kjellaug Ødegaard (82) frå Hjørungavåg. Dei var alle gift med selfangarar på Sunnmøre. Gjennom intervjuar og unik arkivfilm og bilete dreg denne filmen oss tilbake til ei hard norsk røyndom som få kan sjå føre seg i dag.

Historisk
Sidan Sunnmøringane starta selfangst har der heile tida vore ei dame det har blitt snakka lite om: ishavskjerringa. Ho som alltid sat igjen heime når mannen og ofte både ein og fleire søner reiste på ishavet. Som regel byrja dei på denne farefulle seglasen så snart dei hadde fått prestehanda på seg og var konfirmerte.

Dei tenkte ikkje så mykje på faren med det, men meir enn ein gong har både far og son kome vekk på same skute. -Dei var sterke, sjølvstendige kvinnfolk. Ofte med store barneflokkar, som heldt styr på det meste medan mennene var på ishavet. Dei hadde ikkje radio som kunne melde ifrå heim korleis stoda var. Ho som sat heime viste ingen ting frå dei gjekk ut og til skuta kom siglande inn mot heimestrender igjen. Der stod ho, ute på ytste neset og speida etter skuta når den var ventande heim. Var flagget på heil eller halv stang tru? Ofte kom dei ikkje i det heile tatt. Skuteforlisa var mange og dramatiske. Dei største katastrofane var i 1917 då sju skuter forliste, seks i isen og den sjuande på veg til Grønland. 87 mann kom vekk. Den andre var så seint som i 1952 då det kom vekk fem skuter med 78 mann. 48 koner med 98 umyndige born sat igjen heime utan sin forsørgjar.

44 av dei sakna i 1952 var frå Troms, 34 var frå Sunnmøre. Det vart satt i gang pengeinnsamling for dei etterlatte. Allereie 14. mai var summen komen opp i 600.000,- kr. Direktør Kristoffer Aamot ved Oslo kommunale kinematografer med delte at dei kommunale filmbyrå hadde sagt seg villig til å gi speleinntektene på sine filmar til Selfangerhjelpa på ein bestemt dag. Teatersjefane i Oslo fylgde opp med å gi 50 orkesterplassar frå kvart teater. Norsk Rikskringkastning gav inntektene frå to ynskjekonsertar til same formål. 15. mai var det motorsykkelstevne på Dælenenga i Oslo. Det kom 5422 betalande, og heile inntekta gjekk til Selfangarhjelpa. I august var det kome inn 2,4 mill. kroner som dei etterlatte kunne søke støtte frå. Langt i frå alle desse innsamla midlar vart delte ut.

Dette var i 1952. Men tilbake i 1917 var det inga støtteordningar. Skutene hadde ikkje radio, og dei skutene som kom vekk vart ikkje meldt sakna før langt ut på sommaren. Først i august vart det sendt skuter på leiting. Då var det truleg fleire månadar sidan dei forsvann. Likevel, det vart funne to fangstbåtar og ei heil skipsside etter denne ulykka.

Ishavskjerringa gjekk heime og venta. Alle skutene seig mot land. Kvar var deira skute tru? Dei burde vere komne heim for lenge sidan. Likeeins var det med mykje av dei andre forlis der mannskap kom vekk, eller menn var sakna og omkome på andre måtar. Dei viste lite. Men når tida nærma seg for at skutene var ventande heim, fann dei seg stadige ærend ut på berga og kika utover havet. Var flagget på heil eller halv stang. Ishavskjerringa hadde ansvaret for heimegard og ofte ein stor barneflokk. Ho rodde også småsjøen for å spe på hushaldinga.

Monumentet av Ishavskjerringa

Flmen Ishavskjerringa får du kjøpt hjå Ishavsmuseet Aarvak for kr 200,-

Sunday, March 11, 2012

Isbjørnhistorier

Eit 60 års minne 
ved Helge Ødegård

På Stredeturen i 1952 skaut vi to isbjørnar. Den første var eldgammal, tennene var nesten nedslitne og kjøtet seigt som skosolar. Stuerten kava og skulle lage kjøtkaker av dette kjøtet, men det var eit slit å få kjøtet gjennom kjøtkverna. Stuerten mol litt flesk saman med dette kjøtet og då vart ikkje kjøtkakene så aller verst. Frambeina hang under galgedekk. Det var nesten nifst å sjå kor dei likna på hendene til eit menneske. Den andre bjørnen vi fanga var ung.

Ein annan gong låg vi ikkje langt frå land og dreiv med liner etter Håkjerring då vi fekk sjå ein bjørn på vandring. Bjørnen vart skoten. Skipper og skyttar meinte at denne bjørnen var om lag to år gamal. Dei trudde at dette måtte vere første sommaren den gjekk åleine, før hadde den hatt lag med mora.
Denne bjørnen var feit og fin, kjøtet smakte nesten som gjøkalv. Det vart mange gode måltider av denne isbjørnen.

Wednesday, March 7, 2012

Då brandølingane trudde moskusdyra på Austgrønland var vandrande hus.

Fortalt av Ole S. Brandal

Våren 1900 og sommaren med, vart eit skrap år i Vesterisen.
Elendig fangst og dårleg ver. Då sesongen var ute, hadde kvar skute kring 70 dyr. Eg som var van med å gjere det godt på stimbåt – var i dårleg humør.

Så møttes Peter og eg og samrådde oss om å ta oss vestover til Grønland. Vi låg 70 – 75 grader nordlig breidd denne tida. Medan vi drøfta spørsmålet, kjem det pløyande ein stor stimbåt austanifrå. Det var austlendingar på selfangst. Båten hadde namnet «Samson» og kapteinen heitte Samuelson. Vi fekk han i tale. Han såg på dei tretti tons skutene våre, «Havfruen» og «Minna», og tykte det var skrøpelege farkostar.

- Kan vi prøve og komme oss til Grønland, trur du? Spurde vi.
- Eg vil på det sterkaste frå råde dykk det, svara han.
Fridtjof Nansen spurte om det same, og eg rådde han frå. Der er både straumfylt og isfylt.

 Men vi meinte det ikkje nytta å skreme oss. Då drog karane fram drafta og viste at det var omlag 60 mil til Grønland. Var vi likevel så djerve å legge avstad, ville han i allefall rå oss til å halde oss på 75 grader heile vegen. Straumen var rimelegare der.

Så kryssa vi innover. Vi haka oss fast med dreggar i store isfjell og hala og drog. Etter mykje slit i fem heile veker, hadde vi berre 2 – 3 mil att til Grønland. Vi kunne sjå open råk langs landet.
Men trur du ikkje han då la til med nordvest storm som køyrde ut etter og la oss heilt faste. Då sa eg til Peter: Lat meg få med to mann frå skuta di, så tek eg to frå mi. Vi rustar oss ut med kaffi, smør, kavring, ved og segl, tek fangstbåten og prøver å kome oss til land. Det vart sett i verk.

Vi drog båten over isen og rodde i dei små råkene vi fann. På turen skaut eg ein storkobbe, så vi i nødsfall kunne ha både mat, brensel og varme. I to døgn rodde og drog vi stykkevis. Så opna isen seg litt etter kvart, og vi kunne setje foten på Grønlands jord lenger nord enn nokon mann hadde vore før – på Claveringsøya. Der drog vi båten på land, koka kaffi, velte båten og laga oss hytte. Så fekk karane sove. Sjølv gjekk eg på vakt.

Eg var no så pass trøytt at det vart visst ender og enn dubben på meg og. Men eg tok meg ein tur opp mot fjellet og skaut to rappgjess. Det kunne hjelpe på maten dersom det skulle falle så ille at vi vart verande ei rid.

Men med eitt lettar det ut i havet, og skutene kom kryssande. Då fekk eg gå til køys medan Peter kryssa austetter langs kysten. Det var spanande. Ingen hadde vore her før, så det var ikkje godt å vita noko om grunnar og bankar.

Men eg hadde ikkje sove lenge før Peter vekkjer meg: - Nei, no må du kome deg opp i tynna, Ole. Eg ser noko levande inne på land. Det liknar hus på vandring! Det må vere kjempedyr!

Vi vart samde om å tørne oppunder land og gå med eit par båtlag innover. - Vi såg dyra i kikkerten omlag halvanna mil unna. Etter kvart vart det umåtelig tungt å gå, for der var slik leirsupe. Skodda kom og sigande, og Peter og eg vart usamde om vegen. Enden på visa vart at vi skildest.
I det laget mitt skulde passere ei elv, høyrer vi skot ifrå dei andre. Eg talde til tjue, heile ladninga – og straks etter ropa ein av karane våre: - Eg høyrer naudrop - - -!

Heldigvis så var det ikkje så ille. Ikkje lenge etter møtte vi dei andre leande.
- Vi kom fram på nokre veldige dyr som vi har tømt heile ladninga i, sa Peter, men dei står der like godt. Og det var sant. Då vi kom burt til dyra, sto dei på alle fire, steindaude.
Vi velte dei overende, flådde dei og tok hovuda med oss. Det var ei dryg bør, den halvanna mila.

 Men då vi kom ombord – vi måtte signalisere med tåkeluren – for dei hadde lagt seg frå land. Då hadde dei også skote tre dyr av same slaget. Vi hadde ikkje greie på kva slags dyr det var før vi kom heim. Ingen av oss hadde sett Moskus før.

-Det var i same farvatna vi opplevde den dramatiske kvalross-jakta, held Hau' -Ole fram.
-     Desse dyra veidde vi på den måten at vi feste ein harpun i enden på eit langt skaft. I andre enden feste vi ei line.
Når kvalrosa låg på flaket, rodde vi burt under iskanten og køyrde harpunen i ho.

No hadde ikkje eg nokon annan jaktkunnskap enn den Peter hadde lært meg i all hast. Og når vi ein dag – med kvar sin båt – skulle legge til eit flak der det låg ei samling på to og eit på tre dyr, - bar det gale i veg.

Vår båt skulle ta dei to. Vi rodde til flaket. Og eg fekk harpunen i den største. Men i jaktiveren gløymde eg å be karane å ro unna. Og her gjer kvalrosa eit kjempebyks utfor iskanten og beint i båten til oss!
Så nær meg var ho at ei av dei store hoggtennene flerra trøya mi frå skuldra og nedover armen.

Båten vår sokk med baugen så han vart ståande på skrå nedgjennom sjøen, og til havs bar det både med kvalross, øks, gevær og meg sjølv. Dei andre karane sprang attetter.
Eg la på sym i isvatnet, og fekk tak i ein låg kant og kom meg opp på flaket. Peter – som såg tilburden – kom roande og skulle berge mennene.

Men då gjorde dei kvalrossene som låg att på flaket, åtak på båten hans! Dei hogg dei svære tennene i ripa og ville velta båten. Det vart ein kamp for livet kan du skjøne. Karane brukte både børse og øks. Og dei fekk livet av tre stykker. Då flotna båten vår – og vi fekk hale den store opp og fekk livet av den også. Vi berga både båten og kvalrossen.

 Sia delte vi dei turre kleda, for vi hadde to mil å ro attende til skutene. Godt lasta var vi og. Ei kvalrosshud med spekk veg omkring 200 kilo. Den store som heldt på å setje tennene i herda mi, er kanskje den største kvalrossen som har vore teken der vest.
Tennene var over 27 tommar.

- Vi fekk full last. Femti-seksti moskusdyr og eit liknande tal med kvalross og isbjørnhuder. Dessutan hadde vi 4 -5 levande moskus, ein levande kvalross-unge og ti levande isbjørnungar.
Vi stilte ut desse dyra i buda hans Godø i Ålesund, og tok inngangspengar. Det vart ei heil valfarting dit.

- Men eg har gløymt å fortelje at vi skaut tre-fire polarulvar og. I grunnen så var det dei som førte meg til møtes med Frdtjof Nansen.

- Resultatet av turen vår kom sjølsagt i avisa. Der sto det om polarulvane og. Museet i Oslo hadde aldri høyrt at slike dyr fanst på Grønland, så dei hadde gått til Nansen med meldinga. Men han kunne ingen ting seie. Personleg så hadde han ikkje sett slike dyr.
Men han trudde nok det var sant. Vi hadde salta skinna av polarulven så det var berre å sende dei nedover. Og det stemte, vi fekk mykje pengar for dei – endå dei røytte stygt.

- Eg får fortelje om eit anna brev i same rennet, som ikkje var fullt så hyggjeleg. Det var regjeringa i Danmark som sende krav på fangst-avgift. Eg er ingen skrivar, men då skreiv eg eit skarpt brev til Danmark og sa at det gjekk ikkje an å krevje avgift frå fangstplassar som var utilgjengelege! For ingen danske hadde nokonsinne drøymt om å kome dit. - Fleire brev kom ikkje.

- Men altså: Ein dag ankra skuta til Nansen opp på Ålesund hamn og det kom bod til Peter og meg om å kome ombord.
Vi kjende oss kanskje ikkje så store framfor denne vidkjende mannen. Men det skal seiast at ein meir liketil mann, har ikkje eg møtt.
Han brukte sitt mål og vi brukte vårt mål.
Eg høyrde ikkje at han gikk glipp av noko.
Det er berre tull av sume at dei skal språke når dei møter folk som gjer det. Eg har snakka brandddalsk heile mitt liv og har aldri vore brydd for det.

- Nansen tykte vi hadde gjort ei bragd. Tilslutt spurde han kva utdanning vi hadde. Eg sa som sant var, at det var berre det han Hovde-Petter hadde greitt å banke inn i skallen på oss i den stutte tida vi gjekk på folkeskulen.
Men då lo Nansen godt å klappa meg på herda: « Det er tilstrekkelig det Brandal»

Sunday, March 4, 2012

Ishavsmuseet Aarvak - meir enn berre eit museum

Ishavsmuseet Aarvak vart oppretta i 1981 og har som føremål å ta vare på dei rike tradisjonane på Vestlandet frå selfangst og anna virke i polare strøk. Ishavsmuseet er eit spesialmuseum om emne polar, med fokus på selfangsten, frå heile Vestlandet. 

Museet består av den verna ishavsskuta «Aarvak», den eldste gjenverande i sitt slag som i  dag står på land i eige hus ved sidan av museet, og ca. 4000 gjenstandar. Blant desse er ei rekkje utstoppa dyr: moskus, polarulv, polarrev, fire isbjørnar og fleire selar og arktiske fuglar. Museet har også ei stor samling med omlag 8000 fotos som illustrerar dette miljøet. Museet har også ei omfattande samling arktiske filmar, som av dei frå 1930-åra. Bygningen der samlingane er utstilte vart oppført i 1950-åra og vart brukt til foredling av selskinn og til lagring av utstyr for skutene. Brandal var utgangspunkt for i alt 47 skuter som dreiv verksemd i polare strøk.

Denne vesle filmsnutten på vel 3 minutt gir deg eit innblikk i blant anna museets flotte lokalisering, den omfattande samlinga av fotos og utstoppa dyr, museets flotte konferanselokale, butikk, samt den 100 års gamle ishavsskuta Aarvak. 



Saturday, March 3, 2012

Satsar på Sosiale Medier

Ishavsmuseet Aarvak er lokalisert i Brandal og er eit spesialmuseum for selfangst og anna verksemd i polare strøk for heile landet. Sidan 1981 har museet formidla spanande soge om ishavets sanne heltar, kvardagsheltane, og om ei næring som skulle få så mykje og seie for ein heil nasjon. Selfangst og overvintringsfangst. Mennene som kjempa mot naturkrefter og heimlengsel. Dei som reiste ut 15 år gamle utan tvil i sjela. Skipperar og fangstmenn. Det handla om å overleve, og kanskje opp fylgje ein draum om rikdom. Mange kom ikkje attende, men fikk si våte grav.

I 1999 vart Isflaket, polarmagasinet frå Ishavsmuseet og Ishavsmuseets venner stifta. Bladet kjem ut med 4 nr. i året og formidlar gamal og ny polarhistorie, og  nytt frå Ishavsmuseet. Dette har lenge vore ein suksess der vi no er oppe i snart 500 medlemmar. For at Ishavsmuseet Aarvak skal kunne nå eit enda breiare spekter av ulike målgrupper har vi no heva blikket å teke i bruk andre kommunikasjonskanalar innan sosiale medier. Vi vil vere aktive på blogg, Facebook, Twitter, YouTube og vil kontinuerleg oppdatere nettsida vår. Ishavsmuseet er også tilgjengeleg på www.digitaltmuseum.no der ein kan søkje opp ulike gjenstandane til Ishavsmuseet.

Ved å ta i bruk fleire ulike kanalar håper vi å kunne nå ut til fleire ulike målgrupper rundt om i landet. Har du som publikum tips/innspel til saker eller liknande som kan vere relevant for Ishavsmuseet, tek vi desse varmt i mot :)

Ishavsmuseets Venner