Thursday, March 7, 2013

Jan Mayen – vulkanøya i ishavet


Årets fyrste polarkveld gjekk av stabelen fredag 15. februar, og nok ein gong var det fullt hus på Ishavsmuseet. Denne kvelden var det Jan Mayen som var i fokus, og foredragshaldarar var Svein Ove Flaten og Rune Aamelfot. Tradisjonen tru var det også middagsservering etter foredraget, og museumsstyrar Webjørn Landmark kokte selkjøtgryte til 50 personar.

Fungerande styreleiar Harald Knutsen ønskte dei 145 frammøtte velkomne, og var glad for at så mange møtte opp denne fredagen. Han kommenterte at 2012, som var 100-års jubileet til Ishavsmuseet Aarvak, var eit år som sette fleire rekordar, mellom anna var det besøksrekord for museet. Knutsen håper at det gode frammøtet vil halde fram også i 2013.

Den norske, arktiske øya i Nordishavet er delvis tildekt av ein isbre, og har verdas nordlegaste aktive vulkan, Beerenberg. Beerenberg er også med sine 2277 m.o.h eit av Noregs høgaste fjell. Men Jan Mayen er først og fremst viktig for sine vêr- og radiostasjonar. Jan Mayen fekk norsk suverenitet i 1929, men allereide i 1922 vart deler av øya okkupert av Meteorologisk Institutt på vegner av Noreg. Det er nok mange i nærområdet her som har eit forhold til øya, m.a. har fleire ishavsskuter vore der på ulike oppdrag. Den kjende ishavsskuta ”Veslekari” vart i 1941 brukt til å frakte utstyr til øya, då verksemda av den meteorologiske stasjonen vart starta opp att etter at den vart brent ned året før, i frykt for tyske angrep under krigen. I 1959 var både ”Polarhav” og ”Polarbjørn” brukte til å frakte utstyr til Jan Mayen, då NATO starta utbygginga av ein LORAN-A og ein LORAN-C-stasjon.

Svein Ove Flaten er i dag driftsteknikar ved Sunnmøre Museum, men var i 2007-2008 stasjonert på forsvarets stasjon på Jan Mayen, som vedlikehaldsleiar. Han kunne fortelle at det er 18 personar som er stasjonert der i gangen, og det er ikkje lov å vere der lenger enn 6-12 månadar i slengen. Det er éin flyplass på øya, der forsvaret sine fly kan lande, og det går som oftast 2-3 månadar mellom kvart fly som landar. Kystvakta kjem til Jan Mayen ein gong i året med forsyningar, aggregat, o.l. Alt av søppel vert sendt til fastlandet, då det ikkje er lovleg å brenne noko som helst på vulkanøya. Sjølv om øya er nettopp dette, ei vulkanøy, så påpeikar Flaten at der er veldig fin natur, og eit spennande dyreliv. Dei ser m.a mykje kval, og ein gong fann dei eit stort kvalkadaver som var skylt i land, og kvalbardane som Ishavsmuseet har utstilt er faktisk i frå den kvalen. Sandefjord museum har også nokre bein frå kvalen. Det spesielle landskapet på øya ser mest ut som eit månelandskap, som skiftar mellom snø- og sandstormar. Jan Mayen har ingen havn, ikkje ei vindstille bukt der båtane kan ankre opp. Dei kan gå i land berre dersom veret er bra. Der veks ikkje gras, kun litt mose. Det einaste som fins av tre der borte, er drivved. Eggøya er alltid svart, og det ryk i frå bakken. Så snøen legg seg ikkje der. Svein Ove fortel at det er mange idyllar å oppsøke på øya, og dei som er stasjonerte der er ofte ute på tur.
Beerenberg er i dag ein aktiv vulkan, og det siste utbrotet var i 1985. Vidare i foredraget sitt viser Flaten ein film frå 1970, som viser eit stort vulkanutbrot. Fram til 1970 trudde forskarane at vulkanen var utbrend. Det er framleis jevne jordskjelv på øya, og i fjor sommar var det eit skjelv som målte 6,6 på Richters skala. Dette er truleg det sterkaste som har vore der. Interessant var det også å sjå ein film heilt i frå 1934, og dette skal vere fyrste gong det er filma frå Jan Mayen. Då var der forskarar som gjorde geologiske og botaniske undersøkingar.

Rune Aamelfot arbeidar til vanleg i Ålesund som tannteknikar. Men han har ein lidenskap for fotturar, og har nærmast vakse opp i sunnmørsfjella. I 2009 meldte han seg på ein ekspedisjon til Jan Mayen, via Eco Expeditions. Målet var toppen av Beerenberg. Turen starta i Moskenes, der Rune og dei andre deltakarane gjekk om bord i ein seglbåt som skulle ta dei over til Jan Mayen. Deretter var det ein guida klatretur opp Beerenberg. Aamelfot kunne fortelle at dei etablerte ein sokalla ”base camp” på 1000 m.o.h, som vart basen deira under klatreturen. I polare strøk er det lyst heile døgnet, og dei fleste ekspedisjonar bruker å styre døgnet slik dei vil. Dette gjorde dei også på denne turen, og Rune seier at dei kunne starte å gå tidleg morgon, eller dei kunne drøye det utover kvelden. Han fortel også at det var ein sosial tur, og han vart godt kjend med personar frå ulike land som også hadde meldt seg på.

Både filmane og lysbileta vi fekk sjå i løpet av kvelden, viste ein spektakulær natur vi ikkje kan sjå så mange andre stadar. Eit norsk månelandskap, ein aktiv vulkan, og ei spennande historie. Dei frammøtte fekk eit innblikk i eit kapittel av norsk historie som mange kanskje ikkje veit så mykje om. Som Nordahl Grieg ein gong sa om Jan Mayen; ”det stykke Norge som tiden aldri fikk satt sin fot på”.

Havet og ishavets kvinner


På sjølvaste kvinnedagen 8. mars er det kvinnene som står i fokus på Ishavsmuseet. Nærare bestemt havets og ishavets kvinner.

Det nærmar seg datoen for då skutene drog på selfangst i Vesterisen, og under årets avseilarfest på Ishavsmuseet vil fokuset vere på kvinnene som sat igjen heime etter å ha vore aktive under klargjeringa før mannen kunne reise ut. 

Alt av utstyr skulle finnast fram og berast om bord. Eit omfattande arbeid, og eit yrande liv på kaiene med så mange skuter som skulle av garde. Ungane klatra i riggen og hadde store forventningar til at deira tur skulle kome. Gamlekarane fann seg stadig ærend ned på kaiene for og sjå til at alt var som det skulle. Men kvinnene måtte halde seg litt på avstand. Dette var ikkje deira plass. Kvelden før avreise var det ofte «avseilarfest». På årets avseilarfest skal kvinnene fram. 

Det er Leo Oterhals som vitjar Ishavsmuseet fredag 8. mars kl. 19.00 med foredrag om havets kvinner. Leo er ein godt kjend forfattar og kunstnar som blei født på øya Gossen i Aukra kommune. Oterhals' forfattarskap dreier seg i hovudsak om norsk kysthistorie, lokalhistorie, fangst og fiske. Han burde vite kva han snakkar om Leo, med 26 utgitte bøker om emnet. Som ei opptakt til hundreårsjubileet for full kvinneleg stemmerett i Noreg, kom Oterhals i fjor haust med boka «Havlandets kvinner», ei oppfølging av boka «Havets døtrer» som kom ut i 2004. Begge desse omhandlar sterke kvinner i mannsdominerte kystmiljø. 

Gjennom sine mange bøker har Oterhals kome tett på historiene om mennene som dreiv selfangst og var med på dei polare ekspedisjonane. Som i f.eks boka «Polhav» der han kjem tett på Sunnmørspionerane, Skjærvakongen, Runne Johan, «Banna-Bjønn», Brødrene Brandal, Pilskog-karane, Schelderup og mange fleire. Leo Oterhals si interesse for kyst- og polarhistorie vart tidleg vekt. –Som gutunge stod eg og såg på seglskutene som sette loggen for Bjørnsund fyr. Og gjennom eteren kunne eg høyre han Bernt Brandal og han Kristoffer Marø snakke. Dei var mine barndoms heltar, seier Leo. 
-Peter S. Brandal var med på å sette eit frø, dei tok seg ein båt, heiste eit segl, reiste til Grønland og Vesterisen – og skapte ei næring. I ei av visene sine spør poeten Jan Eggum «Kvar er alle heltane?», og Leo meiner han har svaret. –Reis til Brandal, gå inn på Ishavsmuseet og studer historia der. Dei verkelege heltane finn de i vår nære polarhistorie og nokre av dei er kvinner. 

Avseilarkvelden vert avslutta med skikkeleg ishavskost. 
På menyen denne fredagen står saltkjøtt, flesk og erter. Påmelding til Ishavsmuseet ved middagsservering. 
T. 700 92 004 – E. webjorn@ishavsmuseet.no 
Kvelden startar kl. 19.00. 
Bill foredrag kr. 100,- Bill foredrag og middag kr. 250,-