Sunday, July 27, 2014

Båten frå Nordaust Grønland

Av Webjørn Landmark. 

For nokre år tilbake fekk Ishavsmuseet storfint besøk frå Danmark og Drøbak. Oppdraget til reisefølgjet var å overlevere ein båt frå Nordaust Grønland. Båten var «Horsa». Bygd av Wagn Kromann (1931-2007) i 1950. Wagn var utdanna båtbyggar frå Dragør ved København. I 1950 bestilte Lauge Kochs ekspedisjonen ein båt til bruk på Ella Ø. Wagn bygde båten «Horsa» på eit lite verft i Kastrup og følgde med båten opp til Nordaust Grønland og var der etter båtførar dei neste fire åra til 1954. Dette var med base på Ella Ø. Han hadde mange spanande opplevingsturar  med båten. Ein av dei på ein tur åleine frå Mestersvig til Ella Ø i hardt ver. Han nådde akkurat fram til land då motoren sa stopp. Hadde dette skjedd litt tidligare hadde han nok aldri blitt funnen. Wagn hadde også seinare eit par overvintringar på Ella Ø, der hundeslede brakte han vidt omkring.

«Horsa» kom mest truleg til Nordaust Grønland med «Veslekari» i 1951. Danske myndigheiter og ekspedisjonar brukte fram til 1960-talet mange ishavsskuter frå Sunnmøre. Nokre av dei mest kjende var kanskje «Polarbjørn», «Veslekari», Søndmøringen» og «Polarstar».

I åra før og etter  2. verdskrig var det store fjordsystemet omkring Kong Oscars fjord og Keiser Franz Josefs fjord i Nordaust Grønland gjenstand for store forandringar. Opp gjennom 1930-åra og til seint på 1950-åra var det kvar sommar (med unntak av krigsåra) mange vitskaplige ekspedisjonar i området under ledelse av geologen dr. Lauge Koch.  Det var også han som gav namnet til båten «Horsa». Horsa stammar frå erobringen av England i det 5. år hundre der brødrene Hengest og Horsa deltok i kampen mot Kelterne. (Wikipedia).

Hovudbasen for aktivitetane til Lauge Koch ekspedisjonane var på Ella Ø, der mannskap og utstyr vart frakta vidare ut i fjordsystemet med bl.a. båten «Horsa». Stasjonen tente dessutan som meteorologisk radiostasjon året rundt. Dette var også bakgrunnen til at stasjonen vart base for sledepatruljen Sirius frå 1950 av. Også andre aktørar bidrog til forandringar i desse åra, først og fremst dei norske fangstmenns utnyttelse av naturresursar, og oppførsel av dei mange fangststasjonar som er i området. Etter krigen kom Blyminen i Mestersvig med flyplass og hamneanlegg med fleire hundre manns besetning også til å prege utviklinga her i ei årrekkje.

I 1958 vart det slutt på Lauge Kochs ekspedisjonar i området, og båten vart sett på land i fjøra på Ella Ø. Her vart den liggande på stranda i 40 år. I 1998 var Wagn Kromann på ekspedisjon i området i følje med NANOK, der ei av oppgåvene var og restaurere den norske fangststasjonen Kap  Petersèn i Kong Oscars fjord. Dei fann igjen båten som Wagn bygde for nær 50 år sidan på stranda ved Ella Ø. Han fikk båten forært med sledepatruljen Sirius. Båten var ikkje roten då den hadde vore djupfrosen 10 månadar i året, men var naturlegvis medtatt av ver og vind.

I år 2000 vart det sponsa frakt av båten heim til Wagn i Danmark, med båten Kista Arctica, der restaurerte Wagn båten fullstendig. Motoren var naturleg nok gåen av frostskader, men det lukkast Wagn og finne ein maken til den opprinnelege motoren, ein Solo frå 1956.

Wagn Kromann var også med å restaurere andre fangsthytter på NØG. Hoelsbu i Moskusoksefjorden i 1999. Same år var han logistisk medarbeidar ved renoveringa av den norske fangststasjonen Myggbukta som vart utført av Ivar Ytreland, Thor Malhuus og Øystein Killie. Dette arbeidet vart fullført i 2002 av Ivar Ytreland, Otto M. Martens og Peter Schmidt Mikkelsen. I 2001 var Wagn med å restaurere stasjonen Antarctichavn i Kong Oscars fjord. Denne stasjonen var som kjent opphaldsstad for sysselmann Helge Ingstad i 1932-33. Etter at stasjonen var fullstendig renovert inn traff dessverre ei katastrofe her då eit lavineskred vinteren 2001-2002 knuste heile stasjonen til ruiner. Ei minneplate for Helge Ingstad vart seinare sett opp på ruinane her.

I 2001 besøkte Wagn Kromann med venner Ishavsmuseet i Brandal. Denne opplevinga gjorde eit sterkt inntrykk på Wagn. Seinare skal Wagn ha hatt eit håp: «Tenk om et sådant enestående museum  en gang i fremtiden kunne blive et hjem for «Horsa»»


Hans håp er no gått i oppfylling, og «Horsa» er no og finne på Ishavsmuseet. Stor takk til Ivar Ytreland for koordinering og Nanok for transporten Danmark-Brandal. Og sjølvsagt ei stor takk til familien Kromann ved Bodil og Thommas Kromann som var med på «Horsa's» siste reis til Brandal. «Mannskap» ellers på turen til Brandal var Ivar Ytreland, Jens Erik Schultz, Henning Poulsen, Nils Lindegård og Jannik Berntsen.



Sunday, July 20, 2014

Aarvak miste propellen

Frå Ishavsmuseets arkiv, avskrift frå notisbok til skipper Webjørn Landmark.



Det var i slutten på sesongen i Stredet. Aarvak var siste skute på det vestligste feltet, da den mistet propellen. Da det var fin is å slakk is blev seil satt, for att seile oss ut av isen. Det gikk også bra til vi kom så langt at vi kunne se åpent vatn, da kom skodda og dønningen satte inn og slo kanten tett. Dønningen vokste fort og da det var stor is blev det stor påkjenning på skuten. Når vi satte planker eller stokker mellom skutesiden og de skarpeste iskantene, blev de klippet av med en gang. Det var berre ett at gjøre, vi måtte se at komme oss innover unna dønningene. Da isen var satt sammen måtte vi hive oss frem med hjelp av vaier og isanker. Det gikk smått men det smalnet da litt i senn.

Neste dag var vi kommet så langt at vi fikk det smult. Så var spørsmålet; Kan vi klare å sette på ny propell? Vi trakk inn den brukne aksling, satte inn ny aksling å mauret propellen på. Stoppmutter for propellen hadde vi ikke, men vi boret hull i akslingen fremfor propellen å satte i en jernsplint. Alt foregikk under vatn. Vi turde ikke slå akterover i maskinen av frykt for å miste propellen på nytt. Vi kom da oss ut av isen og hjem uten flere uhell.

Sunday, July 13, 2014

På kvalross-fangst ved Øst Grønland i 1901


Av Webjørn Landmark d.e.


Etter mange dagar med haling og staking inn gjennom isbaksen, så låg endeleg "Sleipner" og "Norrøna" og dreiv i stilla i slakk is utanfor Øst-Grønland. I vaktskiftet kl 6 em kom andreskyttaren «Norrøna» ned frå topptønna og fortalde at han såg ein kvalross eit flak i retning inn mot land. Han spurde om vi hadde lyst på ein rotur. Det hadde vi sjølvsagt. Vi var ivrige etter og kome av garde, slukte kaffien i ei viss fart, og sette avstad. Det vart ein lang rotur, då vi hadde rodd i nesten 6 timar var vi omtrent på skothald, men då jumpa også kvalrossen utfor flaket og forsvann i sjøen. Vi var no svoltne etter roturen og hadde lyst på kaffi. Men vi hadde forsømt å ta med oss kjel og ved. Vi hogg då opp kikertskapet og fyrte med det og kokte kaffien i båt-ausa. Vi diskuterte oss i mellom kva vi no skulle gjere. Vi var komne mykje nærare landet og av fartøya våre såg vi berre topptønnene så vidt over horisonten.

Fanga av is
Vi fekk no sjå at "Sleipner" sine to båtar og "Norrøna" sin styrbords båt kome roande innover. Vi gjorde oss ferdige og slo fylgje og innover mot landet bar det. Vi kom inn til Wollaston Forland i 6 tida om morgonen. Etter at vi hadde kokt oss kaffi og kvilt ei stund, rodde vi langs landet for å sjå etter fangst. Ut på dagen kom også fartøya inn og dei tok fast i ein grunnis, ved Kapp Herschel.

Då vi hadde sove ut, skulle vi neste dag ut å ro for å sjå etter fangst. Dei to styrbordsbåtane skulle ro nordover langs landet og babordsbåtane rodde sydover, over fjorden til Claveringsøya. På sydsida av øya fekk vi sjå ein liten flokk med polaroksar oppe i fjellsida. Vi var avstad og skaut desse, og bar dei ned til båtane. Med det same vi skulle til å ro tilbake så begynte det å blåse og regne. Då vi kom ut til Kapp Mary rodde vi til lands for å sjå i veret ei stund, før vi la i veg over fjorden. Våte og kalde var vi, og hadde lyst til å kome oss om bord for å få skifta på oss tørre klede. Vi meinte også at 4 mann på kvar båt skulle vere nok til å ro mote veret same kor sterk stormen var. Dermed la vi i veg. Men då vi var komne eit stykke ut på fjorden, så kom isen drivande ut, fanga oss inn og utover bar det med oss også. 

Litt etter litt pakka isen seg saman rundt oss så vi til slutt ingen veg kom. Vi drog båtane opp isen. "Sleipner" sin båt låg eit stykke lenger ute. Skyttaren og dei to andre karane pakka seg inn i skinna som vi hadde flådd og la seg ned i båten. turen vår i land hadde vi sanka saman ein heil del av den lause vinterulla frå Moskusdyra, noko av denne ulla tok eg no og stappa inn på kroppen under kleda. 

-Eg kunne sjå at karane "Sleipner" sin båt hadde fått fyr under kaffikjelen. Kaffi hadde eg lyst på, derfor la eg i veg utover isen og om bord til dei. No fekk vi sjå at fartøya våre var under seil innanfor kanten av drivisbeltet. Vi la difor i veg innover isen, men det vart nokså langt  og då vi endeleg kom inntil dei viste det seg at fartya var drevne ned i iskanten. "Norrøna" hadde fått eit stort hol i sida og sank straks etter. Vi fekk vidt berga opp isen klærne våre og ein del proviant. "Sleipner" også var mykje skada, men ho var tett og etter ein del represjon med fjøler og seilduk kunne ho seile heim.

Svarte roande folk
mannskapa styrbordsbåtane fekk stormen over seg, drog dei båtane på land og kolva dei over seg. Dei fyrte opp innunder båtane for å varme og for å koke seg kaffi. Men karane vart heilt svarte i andleta av sot og røyk. Dagen etter, då stormen hadde gitt seg, kom "Minna" og "Havfruen" seilande denne vegen. rodde karane ombord til dei. Men ombord i "Minna" og "Havfruen" kunne dei ikkje begripe kva slags svarte folk som kom roande. Det vart gjeta på både eskimoar og negrar. Vi karane som no vart utan skute vart fordelte på "Minna", "Havfruen" og "Sleipner" og kom oss velberga heim igjen. Seinare vart det dikta ei lang vise med mange vers om denne turen.


Sunday, July 6, 2014

Då branddølingane trudde moskusdyra på Austgrønland var vandrande hus.


Fortalt av Ole S. Brandal.

Våren 1900 og sommaren med, vårt eit skrap år i Vesterisen. Elendig fangst og dårleg ver. Då sesongen var ute, hadde kvar skute kring 70 dyr. Eg – som var van med å gjere det godt på stimbåt – var i dårleg humør.

Peter og eg samrådde oss om å ta oss vestover til Grønland. Vi låg 70 – 75 grader nordlig breidd denne tida. Medan vi drøfta spørsmålet, kjem det pløyande ein stor stimbåt austanifrå. Båten hadde namnet «Samson» og kapteinen heitte Samuelson. Vi fekk han i tale. Han såg på dei tretti tons skutene våre, «Havfruen» og «Minna», og tykte det var skrøpelege farkostar.

- Kan vi prøve og komme oss til Grønland, trur du? Spurde vi. - Eg vil på det sterkaste frå råde dykk det, svara han. Fridtjof Nansen spurte om det same, og eg rådde han frå. Der er både straumfylt og isfylt. Men vi meinte det ikkje nytta å skreme oss. Då drog karane fram drafta og viste at det var omlag 60 mil til Grønland. Var vi likevel så djerve å legge avstad, ville han i allefall rå oss til å halde oss på 75 grader heile vegen. Straumen var rimelegare der.

På veg til Grønland 
Så kryssa vi innover. Vi haka oss fast med dreggar i store isfjell og hala og drog. Etter mykje slit i fem heile veker, hadde vi berre 2 – 3 mil att til Grønland. Vi kunne sjå open råk langs landet. Men trur du ikkje han då la til med nordvest storm som køyrde ut etter og la oss heilt faste. Då sa eg til Peter: Lat meg få med to mann frå skuta di, så tek eg to frå mi. Vi rustar oss ut med kaffi, smør, kavring, ved og segl, tek fangstbåten og prøver å kome oss til land. Det vart sett i verk. Vi drog båten over isen og rodde i dei små råkene vi fann. På turen skaut eg ein storkobbe, så vi i nødsfall kunne ha både mat, brensel og varme.

I to døgn rodde og drog vi stykkevis. Så opna isen seg litt etter kvart, og vi kunne setje foten på Grønlands jord lenger nord enn nokon mann hadde vore før – på Claveringsøya. Der drog vi båten på land, koka kaffi, velte båten og laga oss hytte. Så fekk karane sove. Sjølv gjekk eg på vakt. Eg var no så pass trøytt at det vart visst ender og enn dubben på meg og. Men eg tok meg ein tur opp mot fjellet og skaut to rappgjess. Det kunne hjelpe på maten dersom det skulle falle så ille at vi vart verande ei rid. Men med eitt lettar det ut i havet, og skutene kom kryssande. Då fekk eg gå til køys medan Peter kryssa austetter langs kysten. Det var spanande. Ingen hadde vore her før, så det var ikkje godt å vita noko om grunnar og bankar.

'Hus på vandring' 
Men eg hadde ikkje sove lenge før Peter vekkjer meg: - Nei, no må du kome deg opp i tynna, Ole. Eg ser noko levande inne på land. Det liknar hus på vandring! Det må vere kjempedyr! Vi vart samde om å tørne oppunder land og gå med eit par båtlag innover. - Vi såg dyra i kikkerten omlag halvanna mil unna. Etter kvart vart det umåtelig tungt å gå, for der var slik leirsupe. Skodda kom og sigande, og Peter og eg vart usamde om vegen. Enden på visa vart at vi skildest. I det laget mitt skulde passere ei elv, høyrer vi skot ifrå dei andre. Eg talde til tjue, heile ladninga – og straks etter ropa ein av karane våre: - Eg høyrer naudrop - - -!

Heldigvis så var det ikkje så ille. Ikkje lenge etter møtte vi dei andre leande. - Vi kom fram på nokre veldige dyr som vi har tømt heile ladninga i, sa Peter, men dei står der like godt. Og det var sant. Då vi kom burt til dyra, sto dei på alle fire, steindaude. Vi velte dei overende, flådde dei og tok hovuda med oss. Det var ei dryg bør, den halvanna mila. Men då vi kom ombord – vi måtte signalisere med tåkeluren – for dei hadde lagt seg frå land. Då hadde dei også skote tre dyr av same slaget. Vi hadde ikkje greie på kva slags dyr det var før vi kom heim. Ingen av oss hadde sett Moskus før.

Kvalross på besøk
-Det var i same farvatna vi opplevde den dramatiske kvalross-jakta, held Hau' -Ole fram. Desse dyra veidde vi på den måten at vi feste ein harpun i enden på eit langt skaft. I andre enden feste vi ei line. Når kvalrosa låg på flaket, rodde vi burt under iskanten og køyrde harpunen i ho. No hadde ikkje eg nokon annan jaktkunnskap enn den Peter hadde lært meg i all hast. Og når vi ein dag – med kvar sin båt – skulle legge til eit flak der det låg ei samling på to og eit på tre dyr, - bar det gale i veg. Vår båt skulle ta dei to. Vi rodde til flaket. Og eg fekk harpunen i den største. Men i jaktiveren gløymde eg å be karane å ro unna. Og her gjer kvalrosa eit kjempebyks utfor iskanten og beint i båten til oss! Så nær meg var ho at ei av dei store hoggtennene flerra trøya mi frå skuldra og nedover armen.

 Båten vår sokk med baugen så han vart ståande på skrå nedgjennom sjøen, og til havs bar det både med kvalross, øks, gevær og meg sjølv. Dei andre karane sprang attetter. Eg la på sym i isvatnet, og fekk tak i ein låg kant og kom meg opp på flaket. Peter – som såg tilburden – kom roande og skulle berge mennene. Men då gjorde dei kvalrossene som låg att på flaket, åtak på båten hans! Dei hogg dei svære tennene i ripa og ville velta båten. Det vart ein kamp for livet kan du skjøne. Karane brukte både børse og øks. Og dei fekk livet av tre stykker. Då flotna båten vår – og vi fekk hale den store opp og fekk livet av den også.

Vi berga både båten og kvalrossen. Sia delte vi dei turre kleda, for vi hadde to mil å ro attende til skutene. Godt lasta var vi og. Ei kvalrosshud med spekk veg omkring 200 kilo. Den store som heldt på å setje tennene i herda mi, er kanskje den største kvalrossen som har vore teken der vest. Tennene var over 27 tommar.

Utstilling i Ålesund
Vi fekk full last. Femti-seksti moskusdyr og eit liknande tal med kvalross og isbjørnhuder. Dessutan hadde vi 4 -5 levande moskus, ein levande kvalross-unge og ti levande isbjørnungar. Vi stilte ut desse dyra i buda hans Godø i Ålesund, og tok inngangspengar. Det vart ei heil valfarting dit. - Men eg har gløymt å fortelje at vi skaut tre-fire polarulvar og. I grunnen så var det dei som førte meg til møtes med Frdtjof Nansen.

Resultatet av turen vår kom sjølsagt i avisa. Der sto det om polarulvane og. Museet i Oslo hadde aldri høyrt at slike dyr fanst på Grønland, så dei hadde gått til Nansen med meldinga. Men han kunne ingen ting seie. Personleg så hadde han ikkje sett slike dyr. Men han trudde nok det var sant. Vi hadde salta skinna av polarulven så det var berre å sende dei nedover. Og det stemte, vi fekk mykje pengar for dei – endå dei røytte stygt.

- Ein dag ankra skuta til Nansen opp på Ålesund hamn og det kom bod til Peter og meg om å kome ombord. Vi kjende oss kanskje ikkje så store framfor denne vidkjende mannen. Men det skal seiast at ein meir liketil mann, har ikkje eg møtt. Han brukte sitt mål og vi brukte vårt mål. Eg høyrde ikkje at han gikk glipp av noko. Det er berre tull av sume at dei skal språke når dei møter folk som gjer det. Eg har snakka branddalsk heile mitt liv og har aldri vore brydd for det. Nansen tykte vi hadde gjort ei bragd. Tilslutt spurde han kva utdanning vi hadde. Eg sa som sant var, at det var berre det han Hovde-Petter hadde greitt å banke inn i skallen på oss i den stutte tida vi gjekk på folkeskulen. Men då lo Nansen godt å klappa meg på herda: « Det er tilstrekkelig det Brandal»