Sunday, August 24, 2014

Med ”Aarvak” i Vesterisen i 1961

Slik Ottar M. Brandal og Odd Alme minnast turen.


Av Johannes Alme, skrive til Regionavisa i 2001. Revidert 2012.

I meir enn eit hundre år, frå 1898 vart det rusta ut skuter for selfangst frå Sunnmøre. Går vi femti år attende i tida, til først på 1960-talet, så var sist i februar tida for avsegling for skutene som reiste til Newfoundlandsfeltet, mens 12. – 14. Mars var tida for vesterisskutene. På den tida rusta åtte-ni skuter frå Sunnmøre seg ut for Newfoundlandsfeltet mens talet for Vesterisen var omlag tjue. Skutene som gikk til Newfoundland var større og stort sett stålskuter, mens Vesterisskutene var mindre treskuter. Om vi reknar at kvar av Newfoundlandsskutene hadde ei besetning på 25 mann, og Vesterisskutene omlag 16 mann, vert det samla mellom 500 og 600 mann. Altså ei betydeleg næring. Selfangsten skapte store verdiar for landet, i 1961 gav selfangsten ein førstehandsverdi på 17, 3 mill NOK. Den 14. Mars 1961 gikk ”Aarvak” ut frå Brandal med kurs for Vesterisen. Skipper ombord var Ottar M. Brandal, styrmann var Odd Alme. Vi har teke ein prat med desse to karane om denne turen.


”Aarvak” var då i 1961 omlag som ho idag ligg her ved Ishavsmuseet på Brandal. Av synlege endringar er det at gangane under galgedekk har vorte gjennbygde, og dermed fått ei litt større messe, og meir rom som er i ly for ver og vind. Ein annan ting som er endra er hovedmotoren, den gongen var det ein Crossly med 400 hk, omkastbar, altså hadde skuta ikkje vripropell. Dessutan var det då ikkje styremaskin ombord.

Skrogmessig er ”Aarvak” forholdsvis skarpe i baugen, ho tok seg veldig godt fram i småis, men i større is hadde ho lett for å henge seg fast i isflaka, framfor å skuve dei til sides. I forhold til ”Polarsel” som vi begge kjende godt, og som hadde ein baug meir med ”brøsmehaudfasong”, var ”Aarvak” ei kjøyse i storisen.

Vi hadde vore på sildefiske med ”Polarsel”, men skulle i Vesterisen med ”Aarvak”. Som vanleg var hadde vi lite tid til å gjere klar, men fort gjekk det, og 14. Mars kom vi oss avgarde. Vi gikk frå Brandal, nord til Bjørnsund, der vi gikk ut med kurs aust for Jan Mayen. Då vi kom ut, fekk vi ein kuling, og som ordtaket seier, hastverk er lastverk. Dei ni laustankane i lasteromet begynte å ”leve”, og noko måtte gjerast. Heldigvis hadde vi ei gammal slepetrosse liggande på rorhustaket, den vart mota ned mellom tankane, og etter ein del meter med trosse, stillna levenet i lasterommet, tankane var faste att. Vi hadde oppe fulle segl, med vinden inn på styrbord, skuta gjorde god fart, og vi kom bort i frå dei andre skutene. 

Veret på overseglinga seier desse karane ikkje så mykje om, men i og med at to av ishudplankane og eit par av vevlingane i riggen forsvant på turen over, må ein vel kunne seie at været var ikkje det beste. 

Det første som måtte gjerast når dei kom inn i isen var å reparerer ishuda, reserve ishud hadde dei med, dette var gammal ishud, som var forma (kurvatur i) frå tidlegare, og som dermed let seg drage på plass utan bruk av varme.

Fangsten starta den 21. Mars, så dagane fram til fangsstart vart brukt til å gjere skuta klar til fangst. Dessutan var det den gongen allment akseptert at det var lov til å ta ”eit par” dyr før fangsstart for å lære opp nybegynnarar. I alle høve såg ein mykje dyr desse dagane før fangsstart. 

Klappmyss er det slaget fangsten i Vesterisen tek til med, denne kastar langt inn i storisen, men ligg samla berre nokre få dagar, så nøkkelen til eit godt utbytte var å vere på rett plass til rett tid. Vi var heldige, og i løpet av ei god veke hadde vi fanga knappa 2000 klappmyss. Idagboka noterer Ottar den 23. mars: ”Nordlig bris. Kaldt. Bra med dyr å sjå på vest og NW, men spredt. Mykje sjælis. Ca 400 dyr.

Dyra låg godt, kanskje på grunn av at isen var så teit at det var vanskeleg å gå i sjøen, så forholdsvis hadde vi mange store dyr, altså klappmyss og hettakall i tillegg til blueback, som er ungen til klappmyssa. 1100 var Blueback av likaste kvalitet resten var vaksne klappmyss og hettakall. Spekkprisen var bra den gongen, så det var god butikk å ta store feite klappmyssdyr.

Midt i hardaste arbeidet med klappmyssfangsten fekk vi problem med vinsjen, den vart brukt til å jolle ombord dyra / skinna med, så at den frå då av og for resten av turen berre gikk på lav fart gjorde at det tok atskilleg meir tid å få fangsten ombord i skuta. 

Forholda mens klappmyssfangsten stod på var gode, men det var kaldt, ofte ned i –30 C, og med vind i tillegg, så vart det mange ”effektive”kuldegrader. Ein morgon mens vi var i fangst var vi faste i isen, men med hjelp av dynamitt som vart festa på bambustroer og stokke under isen, kom vi oss lause. Hadde skuta då vorte liggande fast i isen kunne resten av turen fort vore spolert. 

Istaden kom dei ut i kanten og begynte å leite etter kasteplassane til Grønlandsselen. Her var vi fleire skuter i lag, men så ein dag var vi i ein strimmel berre saman med ”Polarsel”. Her var mykje dyr, men for ikkje å ev. vekke mistanke hos dei andre skutene gikk vi frå kvarandre og fanga frå kvar sin ende. Den 30.mars noterer Ottar i dagboka: NW kuling, gjekk på syd og øst. Fortsatte ut gjennom havet. Fann ein del sel 4 -5 dagar gammel. Polarsel og vi. Ca 60 stk.

Den 31.mars: NW kuling - storm.Snø. tungare ut gjennom strimmelen. Ca 400 sel. Den 1. april: NW kuling. Samme plass. Berre oss 2 skutene, Ca 700 sel. Den 2. april: Nordlig kuling. Snøkave. Lite samling å sjå att. Platter ned og ordner oss. I lag med Polarsel. Poss ca 69.00, w 16.00. Ca 200 sel.

Skipperen på ”Polarsel” var Martinus Brandal, kalla Tin, og far til Ottar. Andre dagen begynte isstrimmelen å bli riven utover, og ”Polarsel”, som låg lengst ute, ropa på oss over radioen. Tin lurte på korleis vi låg til, eg svara at vi låg bra til inne i ei bukt, men her var ikkje noko å sjå. Han skjøna då at vi låg bra til, og dei kom difor mot oss, like eins kom her andre skuter til.
Ein av dei andre Brandalsskipperane som ikkje hadde skjøna samanhengen, sa til meg etterpå at det har i alle dagar vore skrøna i Vesterisen, men å lyge så til far sin hadde han aldri høyrt nokon gjere før. 

Vi vart no fleire skuter i lag om fangsten, men vi hadde vore først, og ut på tredje dagen hadde vi meir enn nok dyr ombord. ”Aarvak” låg då djupt i vatnet, forran var isklavane under vatn. Resultatet av fangsten på Grønlandssel var omlag 1800 dyr, for det meste kvitungar. Den 6. april noterer Ottar i dagboka: NO bris, snøbyger. Mange skuter. Stygg is. Lite å finne.Avslutter turen. Full last. Ca 1100 blueback, 800 klappmyss, 1900 kviting. Skuta var no heilt lasta, ikkje alle skinna fekk plass i lasterommet, så nokre skinn vart plassert akter, dette også for at forskipet på skuta ikkje skulle ligge så djupt i vatnet.

27 dagar etter avgang var vi komne heim. Då var det å gå i gang med lossing og spekking av skinna. Seinare var det vasking av skuta. ”Aarvak” levere 3888 dyr. 83,5 tonn spekk. 93% av bluebacken blir vraka som naturell blå –som i 1961 gav ca 165 kr/skinn, mens 86% av kvitingen får kvaliteten naturell kviting ca 60 kr/skinn. 

Når vi tek med at utbyttet av denne turen var omlag det same som ein verkstadarbeidar kunne rekne med å tene i løpet av eit år, så må ein nok seie at turen med ”Aarvak” i –61 var ein god tur. På spørsmål om det var så mykje å tjene kvart år, så får vi til svar at i -60 skada dei roret og måtte til Island å reparere, og i –62 med ”Polarsel” måtte dei til Island med skade i baugen, så skjønar vi at det var mykje som skulle klaffe for at det skulle verte eit toppår, men spenninga og trua på at det skulle verte eit slikt, det hadde dei kvart år.


Sunday, August 17, 2014

Knut Vartdal om Havfruen


Knut Vartdal, som var fangstmann på «Havfruen» i 1906, har fortalt denne soga om ein av dei kortaste fangstturane som nokonsinne har vorte gjort frå Sunnmøre.
Den 28 april 1906 gjekk «Havfruen», «Sjøblomsten», «Gunhild», «Rapp» og «Isrypen» frå Ålesund til Vesterisen. Den 14 mai kom vi over ein selflokk som låg på isen. Dei fem selfangarane gjekk i samfangst og gjorde klar til fangst om morgonen kl 6.- Alle dei lo skyttarane frå dei fem skutene med fangstmennene sine gjekk i fangstbåtane og rodde til flaket. Då dei kom til kanten av isstrimelen som selen låg på, synte det seg at heile isstrimmelen om natta hadde frose saman til ei heil isflore. Det var på grunn av smult hav og sterk kulde. Selen låg då midt inne på denne flora og hadde ikkje ringaste høve til å koma til sjøs.- Då fangstfolka vart klar over dette, gjekk alle mann på isen. Dei drog båtane opp på flora og gjekk med gevær og hakkapikar mot selflokken. Fyrst vart all ammunisjonen brukt opp. Då det ikkje var meir att av han, gjekk alle mann i gang med å slå i hel selen med hakkapikar.

Då klokka var 3 om ettermiddagen, var kvar einaste sel drepen.
Vi rekna med at det i alt var 12-15000 sel.

Etter at fangstfolka hadde vore ombord i fartya og fått seg mat, gjekk dei igang med å flå og drage fengda ombord. Det vart no noke dønning inngjennom isen og flora der selane låg, vart broten sund. På denne måten kunne fangstfartøya koma inn dit vi arbeidde og det letta mykje på når vi skulle taka skinna ombord. Men samstundes førde det også til at mykje av selen og dei flådde selskinna gjekk gjennom i isen og kom bort.


Vi arbeidde med å flå og å lasta inn til 17 mai.
Då var alle fem fartya fullasta oppunder lukene og vi tok fatt på heimturen.

Den 23 mai kom vi til Ålesund med fem fullasta skuter. Heile fengda av det som vart berga av oss, var 7000 dyr. Noko av det som låg att etter oss, tok seinare andre selfangarar opp, men mykje gjekk tapt då isen brotna opp.

Sunday, August 3, 2014

Skipsklokke på Jopeter - stabbursklokke i Volda


Av Magnus Sefland

Den første Jopeter var ei av dei første spesialbygde ishavsskutene som høyrde heime i Brandal. Jopeter vart bygt av tre ved Bolsønes verft i Molde og levert i 1911. Somme vil sikkert hugse stålskuta Jopeter (seinare Polarbjørn) frå 1950-åra. Stålskuta vart bygt som havfiskebåt Brategg ved Trondhjems Mek. Verksted i 1932, same året som den første Jopeter forliste. I 1950 vart Brategg innkjøpt til Brandal og ombygt til ishavsskute. Brategg fekk namnet Jopeter. Stålskuta vart ishavsskute nummer to som bar det namnet. Jopeter-namnet er ei samansetjing av Josefine og Peter, namna til reiaren Peter S. Brandal og kona Josefine. Begge Jopeter-skutene hadde mange harde tak med isen.

I 1916 vart den første Jopeter stoppa av den britiske marine og ført til Kirkwall på Orknøyane. Skuta låg som prise i fleire britiske hamner i litt over eitt år. Grunnen var at reiar Peter S. Brandal skulle ha brote norsk nøytralitet under første verdskrig ved å selje ishavsprodukt til Tyskland. Reiar Brandal gjekk til rettssak mot den britiske stat for å få frigitt Jopeter og dekt økonomisk tap. Saman med ein advokat frå Ålesund var Brandal i London i om lag tre månader medan rettssaka gjekk føre seg. Og dei vann fram. Etter dom vart Jopeter frigitt og Brandal tilkjent erstatning. Men då hadde Brandal visstnok brukt meir pengar på rettssaka enn han fekk i erstatning.

I 1928 deltok Brandal-skutene Jopeter og Brandal i leitinga etter Roald Amundsen. Peter S. Brandal og Roald Amundsen var nære vener. Offisielt var dei to skutene på kvalrossfangst i dei aktuelle farvatna. I 1932 var det altså slutt for Jopeter. Skuta forliste i Danmarkstretet då ei iskalv frå eit flak slo hol i skuta. Fangstskutene Gungnir og Brandal var i nærleiken og kom til. Skipper Johan P. Brandal (’Runne-Johan’) og mannskapet frå Jopeter gjekk om bord i Brandal. Proviant og ein del utstyr vart berga frå Jopeter, m. a. dampfløyta og skipsklokka.

Nettopp skipsklokka frå Jopeter hamna hos skipper Sivert N. Engeset (1895-1980) frå Volda. Engeset - også kjend under heidersnamnet ’Smekk’ -  var skipper på Brandal det meste av 1930-talet, også i 1932, då Brandal tok opp mannskapet frå Jopeter.  Seinare hamna skipsklokka som stabbursklokke hos gardbrukarparet Åsta (1906-79) og Olav (1903-85) Fossheim på Klepp i Volda. Engeset og Fossheim var sambygdingar og gode grannar. I onnene hadde Fossheim-familien nytte av klokka til å kalle folk heim til måltid frå fjerntliggande teigar på garden. Elles var vel klokka meir ein kuriositet og vart brukt når born skulle få oppleve korleis ei stabbursklokke lydde.

Etter mange år vart klokka til slutt teka ned frå tårnet, då det vart oppdaga noko ugreie med opphenget. Ola Fossheim, son til Åsta og Olav Fossheim, tok vare på klokka. Ei tid seinare fekk Normann og Sverre S. Engeset, nå avdøde søner av skipper Sivert Engeset, vite at klokka var teka ned. Dei kom til at når klokka likevel ikkje var i bruk lenger, burde ho kanskje førast tilbake til Brandal, der ho opphavleg høyrde til, og få plass i Ishavsmuseet. Sverre S. Engeset tok kontakt med Ola Fossheim. Fossheim såg kva verdi klokka hadde for museet. Han stilte seg positiv til tanken og gav bort klenodiet, familien sin eigedom. Sverre fekk klokka, fekk henne pussa opp på Ørsta Stålindustri og overleverte henne til ein takksam styrar Henrik Landmark ved Ishavsmuseet Aarvak i Brandal. Landmark fekk tilsette ved Hjørungavåg mek. Verkstad til å lage ei ordning for oppheng av klokka. Sidan 1990 heng altså skipsklokka frå den første Jopeter i Ishavsmuseet i Brandal. Klokka var truleg nærare seksti år i Volda, mange av desse åra som stabbursklokke. Henrik Landmark syntest, rimeleg nok, at Ishavsmuseet var ein naturleg plass for Jopeter-klokka. Familien Fossheim ytte Ishavsmuseet ei verdfull teneste – først ved å ta vare på klokka gjennom fleire tiår, deretter ved å gi den bort til Ishavsmuseet.